ohelene syr

Litt om mine hobbyar og om livet ellers.

ohelene syr header image 1

Vindtette panneband

October 1st, 2008 · 2 Comments

Desse er laga i høve haustferien vest i havet.

Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar.

Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

→ 2 CommentsTags: alle · barn og foreldre · klær · søm

Strikkeveske som byttemiddel.

September 28th, 2008 · 6 Comments

Når nokon spør meg om eg har strikka pannebanda eller luene som jentene går rundt med har eg oftast sagt nei. Det er jo det som er rette svaret som regel. Men av og til svarar eg at “nei, eg har sydd dei!” Med det har eg meint at eg har bytta dei til meg for noko eg har sydd. Denne veska går til ei nettvenninne som eg har bytta til meg strikka ting frå. Ho har valgt stoffer ogstørrelse sjølv og sagt noko om korleis ho skal bruke den.

Inne i veska er det ei lita lomme til eit garnnøste, med maljehull slik at ein kan strikke med veska igjen. Fortrinnsvis for dei som strikkar raskt kanskje. I andre sida kan du skimte ei skrå lomme til eit ekstra sett med strømpepinnar. Veska er ca 30 cm lang, og rundt 14-15 cm djup og vid. Forstoffet er frå IKEA.  

Takk til Ingrid for to awarder!

   

Eg må få tenke litt på kven eg skal gi dei vidare til, eller kanskje eg rett og slett skal gi deg linken til mi bloglines liste! Eg har ikkje rydda der på ei stund. Bakdelen med bloglines er for meg at eg ikkje oppdagar så lett om nokon ikkje bloggar på ei stund fordi eg leser dei som oppdaterer når dei oppdaterer. Ta likevel ein titt og sjå om du kan bli kjent med nokre nye spennande bloggar.

→ 6 CommentsTags: alle · blogging · priser · søm · vesker

Smykkelaging

September 20th, 2008 · 10 Comments

Handarbeidet mitt for tida er ringsmykker. Eller rettare sagt armband. Dette i sølv er eldstejenta mi sitt, og det andre skal ein kollega ha. Må berre få laga ein lås først, og det har eg ikkje prøvd meg på før. Kjedene er ikkje perfekte, men eg kosar meg med å lage dei, og spesielt kongekjedet er heilt fasinerande å lage og sjå mønsteret vekse fram på.

Kongekjede/Chain of Fools/Bysantinkjede:

Dobbelt ankerkjede:

Og her er verktøyet eg brukar:

→ 10 CommentsTags: alle · hobby · smykker

Sundagstur for jenter

September 14th, 2008 · 6 Comments

Jentetur blir det nemlig når minstemann med sin knekte fot blir heime med pappaen. I dag var vi på “Slakkafjell”. Vi kunne køyre opp til ein støl så startpunktet var ikkje så aller verst langt unna toppen.


Frisk start.


Ein liten siste pause før toppen. Hausten har begynt å vise seg i fargane.


Sjå mamma! Der borte på andre sida av dalen er huset vårt! Slitne bein fekk kvile litt på toppen før vi sprang tilbake til bilen. To og ein halv time opp - ein halv time nedigjen.

→ 6 CommentsTags: alle · barn og foreldre · foto · natur

Litt handicapsøm

September 3rd, 2008 · 7 Comments

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric.

Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

→ 7 CommentsTags: alle · barn og foreldre · søm

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

September 2nd, 2008 · 6 Comments

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje.

No skal dei ligge i olje - lyst - i 5-6 veker;  litt kortare tid enn minstemann skal ha gips på foten…

Her skal den stå og godgjere seg i karmen på kjøkenglaser. Den passar godt mellom minstemann sin “storsteinsamling”, fjorårets samling av lommerusk og minstejenta si flaske med ekstra fine små steinar.

→ 6 CommentsTags: alle · barn og foreldre · hage · hobby · natur

Bilde av to føtter før og etter helga.

September 1st, 2008 · 3 Comments

Minstemann har vore litt uheldig. Det er godt han er glad i å drive med data og å sjå på tv. Då kan ein få timane (og dagane og vekene) til å gå.

→ 3 CommentsTags: alle · barn og foreldre

Wylde Woman Award + Arte Y Pico

September 1st, 2008 · 1 Comment

Tusen takk lises for to flotte awarder! Eg er som vanlig veldig treg med å nominere vidare, og det skuldast denne gangen både treghet og litt andre ting som måtte prioriterast.

Wylde Woman Award

Reglane er slik (og dei blir i nynorsk frå meg):
1. Du kan gi prisen vidare til ein eller hundre - eller kva som helst slags tal imellom. Du bestemmer sjølv. Pass på at du legg inn lenke til mottakarane.
2. Legg ei lenke til http://www.tammyvitale.com/ sånn at Tammy kan gå på besøk til alle bloggene.
Formålet med awarden: Å gi anerkjennelse og begestring til kvinner som berikar dagen din, som lærer deg nye ting og som lever et liv fylt av sjenerøsitet og glede.

MIn nominasjon går til Lillefy.

 Arte Y Pico

1. Mottakerne må velge seg fem blogger de mener fortjener denne awarden for krativitet, design, interessant innhold og for å bidra til bloggesamfunnet, uansett sptråk.
2. Hver av de utvalgte bloggene må lenkes til og være oppført med forfatternavnet.
3. Mottakerne må vise awarden og fortelle hvem hun har fått den av gjennom en lenke.
4. Alle mottakere må lenke til Arte y Pico for å informere om opprinnelsen til awarden.

Nominasjonane går til 1. Elisabeth 2. Liv-Toril 3. Mariefriis 4. Giram og 5. Ravenhill

→ 1 CommentTags: blogging · utfordringar

Sundagstur på fjellet.

August 24th, 2008 · 6 Comments

På ein fin dag som i dag var det kjekt å kunne gå ein tur sammen heile familien. Med sjokolade, saft og vatn i sekken hadde vi “motivasjon-hjelp” til å halde farten oppe for dei små. På toppen venta karameller og banan og premien for oss alle var middag på kinarestaurant.

På veg opp.

Nuken i vind.

→ 6 CommentsTags: barn og foreldre · natur

Skulestart og sommarfuglar i magen.

August 18th, 2008 · 9 Comments

August og haust i lufta tidleg om morgonen. Ny jakke og matboks. Magen full av sommarfuglar. Endelig var dagen der som ho har venta på så lenge. Eg håpar du får mange glade dagar på skulen kjære jenta mi og får venner for livet. 

→ 9 CommentsTags: alle