ohelene syr

Litt om mine hobbyar og om livet ellers.

ohelene syr header image 1

God jul!

December 24th, 2008 · 2 Comments

Så har nissen vore her til stor glede for både små og store.

Vi må gå og vente ei stund til før vi får ta av papiret på pakkane, men det klarar vi i år som i fjor. Ute er det kvitt. Inne er det fyr i ovnen og lys på juletreet. Grauten er ferdig og snart skal vi sjå kven som får mandelen. Pinnekjøttet er satt på kok og alt er klart for ei rolig heimejul.

Ynskjer ei god jul til alle kjente og andre som måtte slumpe innom og lese dette.

→ 2 CommentsTags: alle · barn og foreldre

Ringblomstkrem!

November 19th, 2008 · 9 Comments

Bedre seint enn aldri er det vel noko som heiter. For meg har det vore andre ting enn blogging som har vore viktig ei stund, og eg beklagar lises at du ikkje fann nytt lesestoff når du var innom.

Ringblomstkremen vart laga i oktober etter at vi kom igjen frå Island. Då hadde blada lagt i olivenolje litt lengre enn dei 5-6 vekene som stod i oppskrifta, men eg tok sjansen på at det ikkje gjorde noko.

Denne gangen brukte eg oppskrifta til punkt og prikke sidan vi endte opp med steinhard krem i fjor.

50 gram bivoks vart smelta i vannbad.

før den silte olivenolja vart blanda gradvis inn.

Det heile skilte seg og vi rørte leeenge for å få det til å stivne.

Litt etter litt stivna det, men på dette tidspunktet hadde hjelparen min på seksogeithalvt mista lysta på å bli hudkremmakar og funne seg andre aktivitetar. Eg gjekk difor meir drastisk til verks og henta fram stavmiksaren. Då skal eg sei det vart fart i sakene. Kremen vart både glatt og kvit på kort tid. Litt krem gjekk naturleg nok tapt fordi den stivna på miksaren og oppetter kantane på skåla (og litt rundt på kjøkkendisken) men på dette tidspunktet var eg berre glad eg vart ferdig.

Ulike boksar frå skap og skuffer vart fylte med krem og lagra kjølig med tanke på julegavesesongen. Kremen er prøvd ut her heime. Ikkje heilt silkeglatt sidan det fortstt er litt harde bivokspartiklar inni kremen, men bra til å vere heimelaga. Ein nokså feit krem vart det òg. Om vi lagar igjen neste år? Det får tida vise.

→ 9 CommentsTags: alle · barn og foreldre · blogging · hobby

Ég tala ekki íslensku…

October 11th, 2008 · 13 Comments

Seks dagar på ville vakre Island. Litt “amputert” ferie sidan minstemann måtte ha gips to veker lengre enn vi trudde. Men så får vi tru han blir heilt bra til slutt. Eg vart overraska over at islandsk var så veldig ulikt norsk. Har alltid høyrt at islandsk er som gammalnorsk, men det er nokså lenge sidan gammalnorsk var snakka hertillands iallefall! Difor overskrifta som betyr: Eg snakkar ikkje islandsk.
Den økonomiske krisa som rådar merka vi lite og ingen ting til som turistar.

På laurdag når vi kom til Island var det snø og kaldt. Vi skulle køyre ein god etappe, men tok middag ved den Blå Lagunen før vi køyrde vidare.

Røyken er damp som stiger opp like ved den Blå Lagunen.

Dette vatnet var kaldt, men like fullt fasinerande blått.

Vi prøvde oss på hesteriding på eit hotell/hestegard som heiter Eldhestar på staden Hveragerdi. Vi fekk visst dei roligaste hestane dei hadde, for dei gjekk samme tempo uansett kva vi gjorde. At stiane for ein times ridetur gjekk rundt og rundt hotellet var litt nedtur for oss som hadde sett for oss ridetur ut i marka med ørlitt meir fart i. Sterk vind og kaldt regn gjorde ikkje akkurat opplevelsen bedre så vi avslutta etter ca 15-20 minutt kalde og våte. Godt at vi har hestegard like ved oss heime der ein òg kan få lov til å ri på islandshest.

I sjølve byen Hveragerdi hadde dei eit stort utendørs basseng med varmt vatn. På kantane var det to små basseng med vatn som var hhv 38 og 40 grader varme. Kjempegodt å ligge i det varme vatnet med vinden hylande rundt øyrene. Det nye vasstette kameraet mitt fekk òg prøvd seg. Her er det minstejenta som har fotografert mor under vatnet.

På grunn av at minstemann fortsatt sat i rullestol og alt av fjellturar og naturvandring vart utelukka (delvis òg på grunn av veret) reiste vi til Reykjavik to dagar før planlagt. Vi skulle eigentleg ha vore to dagar på ei hytte ute ved Skaftafjell nasjonalpark.

Fyrste dagen i reykjavik køyrde vi tilbake til den Blå Lagunen. Denne gangen for å bade sjølv om vermeldingane og dei faktiske forholda var nokså ufyselige. Tavla ved bassenget viste 0 grader og vermeldingane sa kuling. Laguna var skikkelig piska opp av vinden. I vatnet var det imidlertid gode og varme 39-40 grader. Vatnet var kjempesalt og håret vårt vart heilt stivt etterpå av det høge innhaldet av kisel i vatnet. Minstemann venta tålmodig i kafeen medan mor og far bada etter tur og fekk vekselsvis is frå mor og far.


Her er lillesøster i bassenget. Alle under 11 år gikk gratis og for oss vaksne kosta det 2300,- kroner pr. stk. Islandske kroner altså.

Siste dagen i ferien køyrde vi ut til Geysir forbi Thingvellir. På denne strekninga kunne vi sjå sprekker i jorda etter tidligare jordskjelv. Dei mørke strekane nede til høgre her og bortover er djupe sprekker. Island ligg midt på delelinja mellom det Europeiske og den Nord-Amerikanske kontinentet. Noko som skapar både hyppige jordskjelv (sist i fjor sommar på 5,3) og gir tilgang til den geotermiske energien som øya er kjent for.

Ved Geysir fekk vi sjå det vi kom for av både boblande kokande kjelder og sprutande geysiarar.

Skal vi tilbake til Island ein gang må det bli uten rullestol.

Og sannsynligvis på ei årstid der det er litt varmare.

→ 13 CommentsTags: alle · barn og foreldre · foto · natur

Vindtette panneband

October 1st, 2008 · 4 Comments

Desse er laga i høve haustferien vest i havet.

Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar.

Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

→ 4 CommentsTags: alle · barn og foreldre · klær · søm

Strikkeveske som byttemiddel.

September 28th, 2008 · 7 Comments

Når nokon spør meg om eg har strikka pannebanda eller luene som jentene går rundt med har eg oftast sagt nei. Det er jo det som er rette svaret som regel. Men av og til svarar eg at “nei, eg har sydd dei!” Med det har eg meint at eg har bytta dei til meg for noko eg har sydd. Denne veska går til ei nettvenninne som eg har bytta til meg strikka ting frå. Ho har valgt stoffer ogstørrelse sjølv og sagt noko om korleis ho skal bruke den.

Inne i veska er det ei lita lomme til eit garnnøste, med maljehull slik at ein kan strikke med veska igjen. Fortrinnsvis for dei som strikkar raskt kanskje. I andre sida kan du skimte ei skrå lomme til eit ekstra sett med strømpepinnar. Veska er ca 30 cm lang, og rundt 14-15 cm djup og vid. Forstoffet er frå IKEA.  

Takk til Ingrid for to awarder!

   

Eg må få tenke litt på kven eg skal gi dei vidare til, eller kanskje eg rett og slett skal gi deg linken til mi bloglines liste! Eg har ikkje rydda der på ei stund. Bakdelen med bloglines er for meg at eg ikkje oppdagar så lett om nokon ikkje bloggar på ei stund fordi eg leser dei som oppdaterer når dei oppdaterer. Ta likevel ein titt og sjå om du kan bli kjent med nokre nye spennande bloggar.

→ 7 CommentsTags: alle · blogging · priser · søm · vesker

Smykkelaging

September 20th, 2008 · 11 Comments

Handarbeidet mitt for tida er ringsmykker. Eller rettare sagt armband. Dette i sølv er eldstejenta mi sitt, og det andre skal ein kollega ha. Må berre få laga ein lås først, og det har eg ikkje prøvd meg på før. Kjedene er ikkje perfekte, men eg kosar meg med å lage dei, og spesielt kongekjedet er heilt fasinerande å lage og sjå mønsteret vekse fram på.

Kongekjede/Chain of Fools/Bysantinkjede:

Dobbelt ankerkjede:

Og her er verktøyet eg brukar:

→ 11 CommentsTags: alle · hobby · smykker

Sundagstur for jenter

September 14th, 2008 · 6 Comments

Jentetur blir det nemlig når minstemann med sin knekte fot blir heime med pappaen. I dag var vi på “Slakkafjell”. Vi kunne køyre opp til ein støl så startpunktet var ikkje så aller verst langt unna toppen.


Frisk start.


Ein liten siste pause før toppen. Hausten har begynt å vise seg i fargane.


Sjå mamma! Der borte på andre sida av dalen er huset vårt! Slitne bein fekk kvile litt på toppen før vi sprang tilbake til bilen. To og ein halv time opp - ein halv time nedigjen.

→ 6 CommentsTags: alle · barn og foreldre · foto · natur

Litt handicapsøm

September 3rd, 2008 · 7 Comments

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric.

Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

→ 7 CommentsTags: alle · barn og foreldre · søm

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

September 2nd, 2008 · 6 Comments

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje.

No skal dei ligge i olje - lyst - i 5-6 veker;  litt kortare tid enn minstemann skal ha gips på foten…

Her skal den stå og godgjere seg i karmen på kjøkenglaser. Den passar godt mellom minstemann sin “storsteinsamling”, fjorårets samling av lommerusk og minstejenta si flaske med ekstra fine små steinar.

→ 6 CommentsTags: alle · barn og foreldre · hage · hobby · natur

Bilde av to føtter før og etter helga.

September 1st, 2008 · 3 Comments

Minstemann har vore litt uheldig. Det er godt han er glad i å drive med data og å sjå på tv. Då kan ein få timane (og dagane og vekene) til å gå.

→ 3 CommentsTags: alle · barn og foreldre