Ja, i dag har sola faktisk vore framme. Kanskje var det den blomstrete solhatten som lokka den fram ;) Hatten vart til medan vetlesysta sov formiddagslur og mønsteret er litt sånn frå her og der. Seks bua trekantar på ni cm breidde, inkludert ein halv cm saumrom på alle kantar, vart til pullen.
Til bremmen har eg brukt ei stripe på 90×9 cm (greie tal) bretta dobbel, sydd saman i kortendane og snurpa sammen til rett vidde – i dette tilfellet ca 48 cm. Monteringa vart i hovudsak gjort med overlock, men siste finish med symaskin. Under bremmen er det små øyreklaffar og snorer som held hatten godt på plass. Slike små er elles kjent for å nappe av hovudplagg nokså effektivt.
Ååå – kommer ikke sola nå, nei da vet ikke jeg! Så herlig solhatt!
Herlig bilde og tusen takk for tut’n som var innbakt! Heldige vesle noret ditt!
Klem fra Eva Mari :)
Jeg må bare få sagt at den veslesøstera er så alldeles til å smelte av. Så nydelig! Henne har du virkelig jobba godt med.