Svar på spørsmål du kanskje har

Korleis finn eg fotmålet?

For vaksne: Still deg inntil veggen med eit ark under foten. Både arket og foten må være inntil veggen. Merk av for lengste tå og du har fotmålet på papiret.

For barn som kan stå: Still barnet på golvet med eit papir under foten. Som over - eller lettare - tegn rundt foten når barnet står.

For barn som ikkje kan stå: Tegn rundt foten og mål på papiret. Eller - mål når barnet ligg flatt: Legg ei tegne/skriveblokk mot barnets fot og vinkelrett mot underlaget og merk av lengste tå.

Er tøflene vaskbare?

Tøflene kan vaskast på linje med andre skinn/pelsprodukter. Eg brukar å anbefale handvask med milo eller anna ullsjampoo, men har fått tilbakemeldingar om at også maskinvask (ullvask) går greitt. Eg garanterer imidlertid ikkje for dette.

Sit dei godt på foten?

Alle tilbakemeldingar og eigne erfaringar frå bruk er at dei sit godt på uten å stramme. Det er strikk rundt heile ankelen, noko som gjer at når tøffelen fyrst er på har eit lite barn vanskelig for å få den av igjen. Ungar som ikkje elles vil ha på sko har godtatt tøflene.

Kor mykje blir det i porto?

Vanligvis er det 12 eller 22 kroner i porto på eit enkelt par - veldig små skinntøfler kan i enkelte tilfelle kome ned i 6 kroner i porto. Når ein bestiller fleire par betalar ein ikkje porto.

Kva viss eg ikkje blir fornøgd?

Då høyrer eg frå deg på telefon eller pr. mail og så ordnar vi det slik at du blir fornøgd. I utgangspunktet har du full returrett dersom du ikkje er fornøgd.

NB: Sjølv om eg gir deg full returrett på tøflene kan du måtte ta kostnaden med dette dersom det er snakk om at du har bestilt feil størrelse. Pass difor alltid på å oppgi riktig mål!

Kva med betaling?

Inntil vidare får alle med faktura saman med tøflene - betaling snarast råd. Alternativet er oppkrav eller forhandsbetaling. Ved at alle betalar sine tøfler innan rimeleg tid kan eg halde fram med at ein betalar når ein mottek tøflene. Bestilling over kr 300,- går portofritt.

Når får eg tøflene etter at eg har bestilt?

Vanligvis kan eg levere i løpet av ei til to veker. I høgsesong som før jul kan det ta to-tre kanskje fire veker alt etter arbeidsmengde. Viss det hastar kan eg levere i løpet av to dagar pluss postgang - dette vil eg måtte ta ekstra for etter avtale.

Kva er tøflene laga av?

Skinnet eg brukar er møbelhud med farge evt. andre skinnrestar av ulik kvalitet og ulik type. Pelsen er islandspels (sau) med farge. Skinnet varierer i tjukkelse og farge og eg kan ikkje ha alle fargar til ei kvar tid.

Kor lange navn er det plass til på ein tøffel? Kva med dobbeltnavn?

Regelen er at jo fleire bokstavar det er i navnet jo mindre blir bokstavane. Ein større tøffel har plass til fleire bokstavar enn ein liten tøffel. Viss det er to navn er eit alternativ å setje eit navn på kvar tøffel.10 bokstavar/tegn er som regel ikkje noko problem.