Blir det ferdig til helga dette då?
– Ei skjorte er ferdig – med mogeleg litt for lange ermer. Får prøve den på jenta i morgon.
– Ei skjorte er fortsatt ikkje ein gang halvferdig, men heldigvis er det den minste.
– Bunaden min heng uprøvd i gangen, men eg har i alle fall tatt den ut av skapet. Ikkje at eg har bestemt meg for om eg skal gå med bunad, men å prøve den gjer det kanskje litt lettare å bestemme seg.
– Eldstejenta mi manglar visstnok eit eller anna å ha på seg òg. På 17. mai skal ho ha korpsuniform, men det er vel å dra det litt langt å be henne stille i den i konfirmasjonen…