Ja, overstått er både niesa sin konfirmasjon og nasjonaldagen. Bunadsskjortene og festdrakta klarde prøven, og med ein kjapp skjortevask dagen mellom festane vart det samme påkledning i begge høva. Den største skjorta var til og med heilt fin å klatre i tre med ;)
Den minste jenta her er ikkje så lett å fange på bilder, men drakta passa fint. Ekstra kjekt å ha laga heile antrekket sjølv frå topp til tå (berre strømpebukse og body som var kjøpt).
Eldstejenta vår har ikkje vore lysten på festdrakt på nokre år, så ho gjekk i ein kvit sommarkjole. I konfirmasjonen heldt det såvidt temperaturmessig, men slik det låg an med veret til 17. mai trengte ho noko meir utenpå. Så der rauk planen min om ikkje å bli sitjande og sy seint den 16. mai. ;)
I ein kasse med høg knitrefaktor (ulike syntetiske materialer a la fleece og teddyfôr) fann eg ein halvmeter med svart fuskepels. Denne brukte eg til ein heilt enkel langerma bolero, og jenta heldt seg god og varm heile dagen. Til og med etter at ho var komen heim og heilt andre aktivtetar enn marsjering og speling stod på planen ;) Muligens eit eingangsplagg.
Ser ut som dre har hatt fine mai-dager! Mange klemmer!
Skjortene ble kjempefine på, og du verden jeg hadde nok vært stolt av å ha laget hele antrekket til lillesøster selv ;)