I dag har eg prikla månedsjordbæra med god hjelp frå eldstejenta vår – ho fylte i jord i pottene og eg flytta plantene. Sjølv om eg ikkje sådde alle frøa i pakken vart det veldig mange planter. Grillformer frå matbutikken og tom tomat- og drueemballasje vert til saman nokre slags minidrivhus.
Ã… komme over minstemann mens han driv med potter og jord i hagen varmar ei hageivrig mor sitt hjarta. Ã… vatne er vel likevel fortsatt den kjekkaste aktiviteten, men ofte veldig kortvarig før han enten har spylt ned heile seg sjølv eller ei tilfeldig forbipasserande (!) syster.
Eg driv og gjer om på eit par bed og grasløken, toppløken og eit par andre har fått kome opp i krukker før dei evt. kjem tilbake i ein slags kjøkkenhage. I eine krukka spirar det ein ukjent liten venn – eller uvenn? Der den står er den uansett nokså ufarleg og lett å kontrollere så den får stå inntil vidare.
Hei Ohelene, kjenner deg igjen fra NMs dager (der het jeg lineej), håper det går fint med gutten din (som jo er like gammel som min:-)) Så artig å se alle hageprosjekter fant link til din blogg på bloggen hagenpaalandet som jeg stadig er innom. Ha en fin dag.
Så flink hjelp du har i hagen deres…Mye som spirer her ja.Altfor lenge siden jeg var her sist jo*nikke* Men tøflene mine(dine) «are still going strong» og er i daglig bruk..Ha en riktig god helg :)