Minstemann skal få fireårsbok i kyrkja i morgon og guten er uten finbukse. Det var situasjonen litt tidlegare i kveld. No har eg klipt og sydd og håpar han kan stille i pentøy i morgon. Eg har ikkje fått prøvd på han buksa sidan den vart sydd etter leggetid, men eg fekk sjekka både livvidde og mål til lengde før han sovna.
Eg sydde buksa sammen vrangt mot vrangt i sidene og dekka saumen med eit pynteband på utsida. Lin er såpass stivt at eg ville unngå dei saumane eg kunne på innsida. Bandet var ikkje langt nok så eg måtte jukse litt oppe i linninga og eg vart fornøgd med effekten om eg får seie det sjølv. No håpar eg buksa passar og at guten (som er litt bestemt når det gjeld klede – sjølv så liten som han er) vil ha den på.
Knallfin bukse. Masse lukka til i morgon :) Klem
Det ble jo en skikkelig tøff finbukse, kan ikke tenke meg annet enn at han vil ha den på. Tror stripene i siden gjør at han godtar den :)Du er oppfinnsom, tror ikke jeg hadde kommet på at jeg kunne sydd buksen selv… Lykke til på 4-årsbokutdeling!
Så smart med båndet i sidene. Skikkelig tøff ble den.
Du har fått en pris av meg. Tusen takk for du er så flink til å dele din kunnskap med oss andre på nettet.
Heisann. Nei eg er ikkje med i noke sy-forum, er egentlig bare på amatørstadiet, så å mengde meg med proffer og viderekomne er alt for skummelt :) Har akkurat lært å skjære stoff, og funnet ut korleis eg skal bruke linjal, kniv og skærematte. Begrep som Qiulting, vlisofiks, applikere og lukkekant er totalt nye ord i mitt vokabular. Men øving gjør mester, så når JanOve (Janome maskina) kjem i hus, skal det bli fart på tråsnellene mine :)
Du er flink å sy! Flott bukse. Den passet perfekt, antar jeg?!