Utkledning er alltid moro! Ungane likar å bli malt i ansiktet, og ein av dei store mine begynnar å få skikkelig taket på å lage fine ansiktsmalingar. Me Eg har samla klede og utstyr til utkledning like lenge som me har hatt ungar, og masker er ein viktig del av samlinga.
Handelsstanden gjer gode pengar på utkledning både i februar og oktober, og det må jo vere opp til kvar enkelt om og i tilfelle kor mykje ein ynskjer å kjøpe ferdig. Men det ER jo moro å lage sjølv, så her får du eit par masker som er berre å skjære ut. Trykk på bildene for å laste ned kuttefilene til bruk i Silhouette Studio (.studio3 format – Dropboxlenker).
Pingvinmaska skal skjærast ut i papp og limast saman. Av den grunn er den svarte delen under nesten heile maska. Den andre er til å skjære ut som ein enkelt del i papp, så den kan du kanskje prøve print&cut på?
Leik i veg både medan du lagar maskene og ikkje minst etterpå!