Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert «ein million» ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg «Elsakjole». I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd den saman.
Eg kikka ein del på denne bloggsida før eg begynte. Eit kjekt og lærerikt prosjekt. No spørs det om minstemor må få ein kjole ho òg. Skal det bli ein miniElsakjole av stoffrestane, eller må ho kanskje få ein Anna-kjole som lillesøstera til Elsa i filmen?
Godt ho enno ikkje har forstått at mamma fuskar med å sy klede….
Og så litt andre ting eg har sydd i det siste. Buksene under er dongeribukser etter «makalaus»-oppskrifta. Størrelsen heiter 90-100, men blir her heime brukt både av ho som brukar 86 og av ho som nærmar seg 110 i størrelse. Lang brukstid med andre ord!
Sidan det snart er vinter har eg sydd ein del huer og halsar i det siste. Halsen på bildet under er sydd i ullfrotte etter mønsteret eg selger i nettbutikken min. Eg har brukt den mønstervarianten som er bølgete her. Stjerna er reflexvinyl som eg har kutta ut med Silhouette Cameo for så å stryke på halsen. Kjekt å kunne pynte plagg med noko så praktisk som refleks!