Det er så moro å sy når ein klarar å få ut idear som har tumla rundt i hovudet lenge. Dei siste dagane har eg sydd på det som skal bli ei veske til ei strikkedame. Eg skal lage fleire av desse etter bestilling, men det er berre denne fyrste her eg har direkte tidsfrist på. Når eg har fått denne ferdig blir det lettare å lage dei andre to evt. med små justeringar etter ynskje frå kjøparane. Fargen skal iallefall ikkje vere brun på dei andre to.
Eg har prøvd å tenke som ein strikkar når eg laga den. Inni er det til seks lommer – til garnnøstet (med «løpegang» for tråden ut av veska), til strikketøyet, nøklar og mobil, til lommebok og avtalebok. Og så eit stort hovedrom til alle garnnøsta ein kanskje handlar, ringpermen eller kva det no måtte vere. Det blir fleire lommer også på utsida.
24. juni skal eg stå og selge heimelaga ting i Fjærland på boknatta. Eg satsar på at marerittet eg har hatt ei natt om at eg stiller opp med tre par tøfler og ei veske ikkje slår til. det ligg iallefall litt nedi kassa og eg satsar på å sy mykje dei tre vekene som kjem.
Eg sydde ei ullkrone i dag. Den passa pefekt på fireåringen vår og ifylgje henne var den «fiiin». Har tenkt dei skal kunne brukast som panneband vår og haust og eg kjem til å lage nokre slike i ulike fargar og størrelsar til messa.
I have been sewing quite a lot the last week. I have orders for three bags for knitters. I have finished the inner part on the first one. Then the others will be easier to make – with or without minor alterations. The exterior on this on is going to be brown with floral details on the outer pockets. Not quite like Amy Butlers knitting bag – but certainly inspired by it (yes, I do have the pattern for that one – and no, this is not sewn from that pattern).
Since I have reserved a table for the book night to sel my homemade goods I have started to think «massproducktion» on a few items. There will be soft leather shoes, small aprons for kids, woolen hats and crowns (like the one my girl is wearing here), quite a few bags and hopefully some neclases.
Skikkelig tøff krone. kan godt forstå at frøkna syntes at den var fiiin.
Your just so clever, and varied in the sort of stuff you make. Hope everything goes well on the stall and you make lots of money.