Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen brukar den vi har arva frå mormor og eg brukar min eigen som eg sjølv fekk som konfirmant.
Her heng dei – nesten ferdige. Manglar berre litt montering av maljer og belter.
Kjempefine bunader! Du er utrolig flink. Tenker det blir en flott bukett jenter i konfirmasjonen :)