Silhouette Studio har frå versjon 3 av innebygd backupfunksjon av library-filene. Backup (sikkerheitskopi) som er lagra på ein ekstern HD eller anna minnemedium er kjekt å ha den dagen pcen eller macen ikkje startar opp og du ikkje får tilgang til filene som ligg der.
Dette handlar om backup av filene som ligg i «My Library».1. Inne i programmet trykker du på File + Library + Export Library
2. Velg mappe og filnavn for backupen din. Eg har her brukt dato. Filtypen er ein heilt eigen: studio_library Det er òg nyttig å hugse om ein treng å søke etter fila seinare. Trykk OK eller Enter.
3. Å eksportere Library flyttar eller sletter ingen filer på maskina di, men lagar ei backupfil av desse som ved behov kan hentast inn i programmet igjen.
Vips så er du sikra mot å miste alle dine filer ved eventuelle dataproblemer. Filer som du har kjøpt via Silhouette Store har du rett til å laste ned på nytt, men å hente inn backupen er mykje raskare.
Ved behov for å hente inn filene t.d. ved nyinstallering av programmet på ei anna datamaskin velger du File + Library + Import Library og velger di studio_library fil.