Kuttemaskene til Silhouette kan stillast inn til å kutte tideler av millimeter og kutte berre enkelte lag av eit materiale. Dette gjer at vi kan lage veggord og trykk til eigne plagg enkelt heime på hobbyrommet. Maskinene er relativt små – den største er 53×17 cm i grunnflate. Sjølv om den treng større plass når du skal jobbe med den, gjer dette at dei aller aller fleste har plass til denne heime. Den billigaste modellen (Portrait) er heller ikkje avskrekkande dyr. Sjølv den nyaste Cameo3 er ikkje dyrare enn ei rimelig symaskin.
Det at maskina kan kutte varmeoverførbar vinyl eller Heat Transfer Vinyl (vidare kalla berre htv) og sjølvklebande vinyl (vidare berre kalla vinyl) har gjort Silhouettemaskinene (vidare kalla berre Cameo eller maskin) populær hjå veldig mange. Det har òg gjort at ein del som ikkje elles er så ivrige på data kjøper maskina. Mange veit veldig godt kva dei vil lage, men mindre om korleis maskina fungerer. Dette er grobotn for frustrasjonar der man sit med ny maskin og har så veldig mange ting man har lyst til å lage.
Her kjem nokre hyppige stilte spørsmål når man er ny med maskina:
Kan eg skrive vanlige bokstavar eller fargelegge med maskina?
I utgangspunktet lagar ikkje maskina utskrift på same måte som ein printer. Men du kan ha design der bokstavar og motiv er fylt ut med «kuttelinjer» og om du bytter ut kniven med ein tusj eller penn vil du kunne skisse motiv til å verte tilnærma fargelagte/fylte.
Korleis velger eg ulike fargar på utskrifta?
Viss vi held skissing utanom er fargen på produktet ditt avhengig av materialet du matar inn i maskina. Maskina skriver ikkje, men kuttar i ulike materialer og du må renske bort det overskytande rundt motivet ditt i etterkant. Materiallista på kva maskina kan kutte er lang, men set ligg avgrensingar i høgde. Cameo3 har ei grense på 2 mm i tjukkelse og dei andre på 1mm. Om materialet i tillegg er veldig hardt eller seigt vil maskina òg slite.
Korleis kan eg stille om frå inch til cm eller mm i programmet?
Hurtigsnarvegen til innstillingane i programmet finn du på tannhjulet nede til høgre i programmet. Under General kan du finne mellom anna innstillingane for måleeining. Desse blir aktive med det same og du treng ikkje å restarte programmet. Dvs at du kan fritt òg sjonglere att og fram mellom måleeiningar om du ynskjer dette.
Kvifor kuttar maskina mi utenom materialet eller kvifor begynnar maskina mi å kutte først langt innpå materialet?
Når du skal laste materialet ditt inn i maskina så må du gi maskina beskjed om materialet kjem åleine eller på ei matte. På Cameo 3 skjer alt dette inne i programvaren, medan det på dei andre maskinene er ulike innstillingar ved sjølve innlastinga. På Portrait er dette hhv ein knapp med og uten rutemønster, der den med rutemønster er for når du skal laste inn materiale på matte. På Cameo 1 og 2 står det på skjermen på maskina Load Mat eller Load Media der Media = materiale uten matte.
Avhengig av om du brukar innstilling for å kutte med matte eller berre materiale vil maskina kutte frå ca 2,5 cm frå toppen av det du lastar inn i maskina (passande til matte) eller frå kanten av det du lastar inn (passande for materiale uten matte).
Korleis stiller eg inn kniven?
Innstilling på kniven på maskiner før Cameo 3, eller som alternativ til autoblade i Cameo 3, blir gjort fysisk på kniven før du set den på plass og låser den fast i maskina. Knivinnstillingane går frå 0 til 10 og du kan stille kniven med den innebygde verktøyet inne i maskina på venstre side. Vri kniven trinnvis til merket står på det talet som er anbefalt for ditt materiale i programmet eller frå der du kjøper materialet ditt. Du må stille på fart og trykk (speed and thickness) i programmet og dette er slik du kan finstille kniven. Bruk gjerne testkutt for å stille inn før du kuttar designet ditt.
Cameo 3 har eit autoblade som man velger innstilling for i maskina. Her kan du til dømes velge materiale vinyl og så fininnstille ut frå om kniven din er slitt eller om det er ein litt tjukkare eller tynnare vinyl enn det som forhåndsinnstillingane dine er berekna på. Når du så startar maskina vil den tappe kniven opp og ned for å stille den inn før den startar kuttet.
Korleis gjer eg det om eg vil kutte noko som er større enn matta?
Å kutte noko som er lengre enn matta kan du fint gjere om materialet har eit eige bakpapir/-plast som på htv eller vinyl. Du må berre gå inn i programmet og velge bort matta under sideinnstillingane/Design Page Settings. Då vil du sjå at den raude kutteramma di kan endrast ved å stille på høgde og breidde på same plass til heile designet ditt får plass inne i kutteramma. Det som stikker utom kutteramma vil ikkje bli kutta.
Du kan kutte opptil 3 meter i lengde. Om du vil kutte så langt anbefaler eg å bruke ein rullholder eller stabilisere materialet på ein eller annan måte slik at ikkje det vrir seg under kutting.
Korleis ser eg forskjell på htv og sjølvklebande vinyl?
Dette er relativt enkelt. For det fyrste har såvidt eg veit all htv ei gjennomsiktig plastbakside som skal sitte på heilt til du har overført htv-en med varme til tekstilen eller der du skal ha den. Sjølvklebande vinyl har vanligvis papirbakside, og denne har òg ofte produsentnavn trykt på papiret slik at dei er lette å sortere. HTV har lim på plastbaksida medan sjølvklebande vinyl har limen på sjølve vinylen. Om du framleis er i tvil kan du pirke lett i eit hjørne til dømes med ei knappenål for å sjekke.
Må eg bruke matte?
Nei du må ikkje bruke matte på alle typer materialer. Alt som har ei eiga bakside vil ligge stabilt i maskina om det er 1) stort nok til å bli holdt fast under dei flyttbare valsane 2) du ikkje kuttar gjennom meir enn sjølve materiallaget – dvs ikkje bakpapiret. Men på papir og anna som ikkje lagdelt vil du måtte bruke matte. Det finst matter med ulik klebegrad berekna på ulike typar materiale.
Kva side av materialet skal opp i kuttemaskina?
Dette spørsmålet kjem naturleg nok mest knytt til vinyl og htv. Svaret er enkelt og greitt at vinylen alltid skal opp. Kniven skal kutte berre i material-laget og dette laget må difor vere nærast kniven.
Vinyl ligg med rettsida av vinylen opp og når man kuttar, mens htv ligg med vrangsida av vinylen opp når den ligg i maskina, men det er like fullt vinyllaget som er nærast kniven. Sidan det er vrangsida på htv som vender mot kniven må man spegelvende motivet før man kuttar i htv for å få det rett når man skal overføre det etterpå.
Dersom man skal feste sjølvklebande vinyl på baksida av noko gjennomsiktig må man òg der spegelvende motivet før man kuttar.
Hjelp maskina kuttar ikkje! Kva er feil?
Det kan vere mykje rart som skjer når maskina ikkje reagerer eller kuttar. Aller først ville eg sett inne på cut settings (trykk på ikonet med kniv) og sett om motivet mitt har aktive kuttelinjer. Om det har det så kan det vere at programmet eller maskina har hengt seg opp litt og at du berre treng å restarte maskina. Slå av maskina og trekk ut alle kablar. Tell til ti og plugg inn og slå på på nytt. Start gjerne program eller pc på nytt i tillegg om ikkje dette hjelper.
Om motivet ditt ikkje har kuttemerker vil ikkje maskina di kunne kutte. Merk bildet og endre frå no cut til cut inne i cut settings. Om det er eit bilde i rasterformat du har lasta inn må bildet tracast eller på annan måte gjerast om til vektor før du kan bruke det som kuttemotiv.
Kva er tracing?
«Vanlige» bilder er bygde opp av pixlar medan linjebilder er bygde opp av punkter med linjer mellom. Maskina kan berre bruke den siste typen bilder til å kutte etter. Tracing betyr å avlese bilder og gjere desse om til linjeformat. Eg har nokre filmar på YouTube som er ein kort introduksjon til dette og har elles heile 10 sider om tracing i handboka eg har skrive om Silhouette Studio. Boka mi kan du kjøpe i pdf-format eller som fysisk bok i nettbutikken min :)
Kva er registreringsmerker? Maskina mi seier at den ikkje finn desse?
Registreringsmerker er til bruk ved prosjekt der du først printar noko i din vanlige printer for så å kutte dei med maskina. Om du ikkje held på med eit slikt prosjekt har du kanskje slått på merkene ved eit uhell. Snarveg for å slå av og på merkene er å trykke m på tastaturet.
Sakna du svar på eit spørsmål du hadde som ny med maskina? Legg igjen ein kommentar då vel! Elles er du velkomen til å kjøpe boka mi i nettbutikken!