Eg har faktisk til og med sydd litt i det siste. Sundag sydde minstejenta (7) og eg ei veske til dei nye mikrodokkene hennar. Eg kallar dei det dei , men dei heiter Polly Pocket og lignande. Veska er i bomull, utgangspunktet var 30×60 for både ytter- og innerstoff og hankene er berre vrangsydde og ca 7 x 80 cm lange. Jenta valgte stoffer sjølv – med litt styring på hankene (ho ville ha eit mønstrete gult stoff). Syns den vart skikkelig fin. Man kan jo som kjent aldri ha for mange vesker. Det er ei lita lomme utanpå veska, men den er ikkje så god å sjå på bildet.
Elles må eg vise fram «prosjekt vikingdrakt». Eg sydde meg ein serk i naturfarga lin tidlegare, men den vart for kort både på lengda og på ermene. Så no har eg klipt til stoff til ein ny i «kanel»farga lin. Har planar om å sy drakta ferdig slik at eg kan bruke den 17. mai. Bunaden som eg ikkje lengre føler meg vel i skal få henge til ein av jentene overtar den (eller så får eg selge den). Skålspennene kjøpte eg på Island i haust. Dei skal sitte framme og holde forklekjolen oppe. Forklekjolen er i «aubergin» ullfilt.
Eg vil prøve å få tak i glassperler på det lokale museet vårt til å ha som smykke mellom spennene. Tvilar på om eg får tak i brikkeband eller lignande til kjolen til 17. mai, men det går jo an å pynte drakta meir seinare. Kanskje eg må ein tur til Vikinglandsbyen i Gudvangen i sommar for å hente inspirasjon og handle pynt? Så gjenstår det å sjå om eg blir ferdig med den og så om eg tør å gå med den på 17. mai…
HEISAN! Hadde nesten gitt opp håpet om oppdateringer her, jeg. Du er jo liksom en av mine forbilder, som fikk meg igang med søm ;o)
Så jeg har tittet etter aktivitet da.
Jeg har også vært inne på tanken om å sy (barbie-)dukke klær etc ettersom det er slikt som gjelder her i huset nå (4 åring!)…men det er jo så himla smått, så jeg kvier meg litt…
Veska var stilig da!!!
Juhu! Flott overskrift…
Kjempesøt veske, de er stort sett flinke til å finne stoff i fine farger disse jentene.
Jeg har tenkt til å ha syuke når vi har vinterferie i uke 10 (to dager igjen!), og Sofie har også meldt seg på. Vi får se om det dukker opp noen rosa og lilla vesker da.
Ja, godt å se deg igjen!
Søt veske, klart man trenger noe til smådukkene. Koselig å se deg blogge igjen :)
Yuhuu!! Gleda meg til å gå i 17.mai tog med deg!!
Så koselig veske da!
KLART DU TØR!
Blir spanande å sjå drakta, du må vise fram med innhald når du kjem så langt. Eg skal og til på ei ny drakt ein av dei første dagane. Kanelbrun linserk og svart overkjole i vadmel, det skal bli varmt og godt tenkjer eg!
Det er jo fleire som vev brikkeband då *kremt kremt*
Lukke til :)