Ein liten liten kjole i all hast. I kveld skal alle gevinstane til årets basar i husflidslaget vere klare. Vi har kjøpt inn ei BabyBorn-dokke og seng;Â og utstyrer den som best vi kan med litt klede og utstyr. Mitt bidrag er denne kjolen samt raude skinntøfler som ho har fått før.
Eg hadde planar om å sy bleie også, men sidan innleveringa er i kveld blir det nok litt knapt med tid. Eg har ferdig eit par med skinntøfler som også skal gå til basaren.
Eg har også laga kleshengaren sjølv av streng. Ikkje den penaste eg har sett, men den gjer nytten.
A little dress for a BabyBorn-doll.
I’ve used a pattern from a book written by Anne-Pia Godske Rasmussen.
He he bare smelt sammen en kjole i full fart?? Den var jo bare supersøt!! Kjempeflink er du!! Heldig den som vinner den…