Nålepenn til rensking DIY («PinPen»)

Når man driver med vinylkuytting er rensking ein stor del av arbeidsprosessen, og å ha eit godt verktøy her er alfa og omega. Eg har landa på å bruke mine eigne nålepennar som eg lagar av ein trykkblyant og ei knappenål. Her skal eg vise deg korleis du kjapt og billig kan lage deg noko tilsvarande.

Søstrene Grene har topakningar med blyantar veldig rimelig. Det er viktig at blyanten er god å holde i, men her er det jo personlege preferanser som spelar inn slik at det ikkje er så lett å komme med anbefalingar.

Ta ut blyet i blyanten. Det held med å ta ut det som er i bruk om blyanten har plass til å ha bly lagra inni.

Fjern kula på ei knappenål ved å vri eller klippe den av.

Sett nåla inn i blyanten i staden for blyet.

Rensk med ditt nye verktøy. Viss du finner ut at verktøyet ikkje passar deg så kan du alltids gjere den om til blyant igjen.

 

 

 

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.