2020 og «mannen i gata» brukar og må bruke munnbind. Kven skulle trudd det! Det fins mange flotte tøymunnbind og mønster på slike «der ute». Fabrikklaga og heimesydde. I ulike kvalitetar og med ulik filtreringsgrad. Hobbysyarar tar nok sjeldan råd til dei 10.000 det kostar å få sertifisert sine munnbind, så her må kvar og ein bruke hovudet sjølv. Munnbind vil aldri, og skal aldri, erstatte det å vera forsiktige på andre vis. Halde avstand. Halde seg heime når man er sjuk. Vaske hender etc. Og munnbind må brukast rett om det skal vera nokon som helst vits i. Eg deler her mitt mønster på munnbind. Du må sjølv ta ansvar for din produksjon og ditt bruk av munnbinda du lagar og tar i bruk. Så er det sagt. ?
Stoffbruk: størst 20 x 36 cm, mellomst 18,5 x 34 cm og minst 17×32 cm stoff i minimum to lag. Alle størrelsar krev i tillegg eit lite rektangel på 4×10 cm til nasebøyla, ei nasebøyle og 2 x ca30 cm mjuk flat strikk.
Vask stoffa dine på minimum 60 grader før du syr. Stoffa bør til saman vera tette nok til at dei filtrerer pusten din, men ikkje så tette at du ikkje får puste gjennom maska (og lufta går ut på sidene). Stabilisering eller eit ekstra lag stoff kan brukast om du har for tunne stoff med to lag åleine.
Klipp ut to like deler i stoff til inner- og ytterdel i like eller ulike stoff. Mønsteret er mot brett, klipp ut ditt eige papirmønster mot brett først om du helst vil ha heile mønsteret. Lag eit lite merke/ snitt el.l. i kanten av stoffet ved hhv blå og raude heiltrekte strekar når du klipper ut delene. Eg brukar tusj som forsvinner etter litt tid eller kritt. Å klippe små snitt eller hakk fungerer òg fint.
Merka skal treffe kvarandre når du brettar. Stipla linje er innerbretten og berre til illustrasjon.
Merk midt oppe med ei eiga markering som markering av midt på rettsida.
Brett foldane, fire på kvar del. Pilene på mønsteret viser bretteretninga.
Fest med klemmer eller sy etter kvar som du brettar. Ein liten saum i kanten av munnbindet over brettane er nok. Det er ikkje nødvendig å feste denne saumen.
Legg dei to delene rette mot rette og fest gjerne med nokre klemmer. Start med å pare opp midtmarkeringa oppe.
Sy øverste og nederste kant. La kortsidene vera opne.
Klipp eit lite stoffrektangel 4 x 10 cm – samme for alle størrelsar, i eit av stoffa dine. Marker midten på langsida på retta på denne, og brett den så rundt nasebøyla. Sy ein stikning rundt nasebøyla så den ligg godt i ro i stoffstykket. Bruk ikkje for lang stinglengde her. Eg har brukt aluminimumsbøyler på 9 cm lengde og 0,5 cm breidde. Om du brukar ein type som har spisse endar må du kanskje pakke det litt meir inn for å unngå at endane stikk ut.
Sy den innsydde nasebøyla fast i saumrommet i øvre kant av munnbindet. Her skal den rette nasebøylebiten gå kant i kant med den bua kanten på munnbindet.
Vreng munnbindet og stryk. Brett råkanten på kortendane inn i munnbindet ca 0,5 cm og press godt.
Sy ei stikning langs nederste kant. Denne stikninga skal hjelpe munnbindet å halde forma etter vask. Sy ikkje stikning i overkant. Her ynskjer me ein luftigare kant som ein bedre barriere mot luftlekkasje.
Brett kortendane ein og ein over mot baksida ca 1-1,5 cm og sy fast med ein rettsaum slik at det blir ein kanal til strikk. Legg eventuelt inn strikken før du syr om du føretrekk det.
Om du ynskjer å ha regulerbar strikk kan du til dømes tre begge endar av strikken inn i ei perle av passande størrelse. Plastperle er å føretrekke sidan treperler nok vil sprekke etter nokre vask. Det skal vera litt trangt å få gjennom begge strikkendane. Knyt så enden. Med denne patenten vil strikken kunne strammast eller slakkast til å passe den som skal bruke munnbindet.
Alternativt lar du det være ope og lar den som skal bruke munnbindet sjølv slå knute på i passande avstand. Ein slik knute kan tres inn i løpegangen slik at den ikkje irriterer ved bruk. I og med at strikken er festa i løpegang vil den kunne bytast om den visar seg å ikkje tåle like mange vask som munnbindet.
OBS! Munnbind bør handterast som smittefarleg etter bruk og oppbevarast på sikker måte til man får vaska det. Hugs å vaske hender både før du tar på deg reint munnbind og etter at du tar av deg det brukte. Du bør byte munnbindet når det blir fuktig. Sjølve munnbindet kan du vaske (med andre klede) på 60 grader.
Last ned sybeskrivelsen og mønster i tre størrelsar her i pdf eller gå til nettbutikken for å legge den til som gratisvare sammen med andre mønster eller varer.
Kos deg med saumen og hold deg trygg! Alt blir bra!