blogg

Brette lime stappe

Eit materiale eg ikkje har brukt så mykje før i mine hobbyar er papir. I dette tilfellet eit gammalt teikneseriehefte. Litt gulna i kantane men det gjer ingen ting for det eg lagar, som tross alt er forventa å vere eit eingangsprodukt: godteposar til vekas sjuårsdag. Papiret var litt sprøtt og rivna lett, så ideelt sett skulle eg sikkert […]

Brette lime stappe Read More »

Sum sum

Ja symaskina den surrar og går. Tøflene eg tok opp bestilling på vart ferdige i dag når vetlesysta sov ein microdupp (ho har feber og søv urolig både natt og dag). Her er det eine paret. Det andre er i samme farge, men har navn frampå. Sidan vetlesysta ikkje var så lysten på å sove

Sum sum Read More »

Ryddar

Eg har rydda litt i hyllene og funne (mellom anna) 17 symønster som desse som eg gir eg bort. Fortel meg kvifor akkurat du skal få dei i ein kommentar her i bloggen. Om det blir fleire som er interessert trekker eg ein mottakar mellom kommentarane. Eller så kan det vere at det dukkar opp

Ryddar Read More »

Ullvøl

Nøstebloggen har denne månaden eit tema og ein konkurranse som heiter ullvøl. Då må eg jo vise fram det eg har gjort med den eine nøstebarnbodyen vår. Denne bodyen har vore i bruk heilt frå vetlesysta var nyfødd og har no fått lange ribbekantar på ermene og eit lite skjørt nederst i staden for bodylukningen. Begge deler i

Ullvøl Read More »

Eg har lyster

Ja, altså det kan vere så mangt man har lyst til, og eg har nok ikkje verken færre eller fleire lyster enn andre. Men nett no har eg altså lyst til å strikke dette settet frå Norsk Husflid nr. 4 i 2010. Bladet/bildet er litt krøllete av å ha vore passasjer i strikkekorga sidan det

Eg har lyster Read More »

(G)ullunge!

Fakta om garn: Abuelita multi frå  Pickles. Strikka på pinne nr. 3,5 (vrangbordar) og 4. Oppskrifter eg har kikka i: «Ulitmate Longies», «Nøstebarndressen», «Kjekkasgenseren» (Pickles) og «Spisslue i rett» På beina har ho sitt fjerde par med heimesydde pelstøfler. Lilla. Burde sjølvsagt ha sydd eit par brune som skulle matche dressen men… ;)

(G)ullunge! Read More »

Sommarstrikk

I sommar har det blitt mykje strikking. Ein hobby som ein kan ta med seg på verandaen og elles rundtomkring der ein måtte like å opphalde seg. Sidan vetlesysta brukar tøybleier treng ho litt ekstra med ullbukser. Den turkise med lilla striper øverst på bildet passar no, medan den mangefarga underst nok må ligge på vent eit

Sommarstrikk Read More »

Fargehobby

Sidan sist post berre  hadde kvite plagg, kjem det litt meir fargerike ting denne gangen. Først ut er ein «koseklut» eller leike som eg sydde her ein dag. Den likar ho veldig godt å leike med, spesielt juksepelsen og lappane. Eg har sydd bånd og lappar rundt heile kanten og lagt inn ein liten pose

Fargehobby Read More »

Pysjamaspose

Pysjamaspose kan vel forresten vere noko heilt anna enn dette når eg tenker meg om – ein pose til å ha pysjen i. Men dette er altså ein pysj med pose i staden for bein. Eg har brukt eit mønster til omslagsjakke som utgangspunkt øverst og endra litt på det. Håpar det blir eit praktisk

Pysjamaspose Read More »

Skulegensar.

Dette stoffet som eg fekk frå ei nettvenninne ein gang fekk komme ut av hylla i går. Eg hadde lyst til å sy og stoffet passa godt til ein gutegensar syns eg. Kombinerte det med ribb etter mønster frå Ottobre 2005 nr. 3 – modell 22. I bladet er gensaren sydd av velour og med

Skulegensar. Read More »

Heimekjole

Eg har sydd litt på ein sundag. Laga meg ein behageleg heimekjole i stretchstoff. Trur det er bambus – eller var det hamp? (Når stoff blir liggande ei stund etter innkjøp er det fort gjort å gløyme).  Stoffet var ubleika/naturfarga og har fått ein omgang i maskina med Nitor brun farge. Eg knytte på nokre

Heimekjole Read More »