Sognamaol er ikkje alltid like lett for folk med andre tungemål å forstå, men passe «heit i håve» er det viktig å vere uansett dialekt.
Desse tre ohelenehuene vart til medan mine tre eldste var på bading med faren på laurdag og minstejenta sov søtt i vogna. Eg lukka alle dører mellom oss og fyrte opp Compulocken. Luemønsteret er mitt eigne og eg har her prøvd ut tre ulike variantar. Eller forresten er det berre to sidan elefantlua berre er ein mindre størrelse av Ooga booga-lua. Den rosa med paisely-mønster er ei slags oversiza baggylue. Til desse luene går det med ca 80 cm stoff.
Alle luene vart sittande på ut dagen etter prøving på dei respektive «håvene» og det tar eg som ei god tilbakemelding. Når eg først var i farten sydde eg fire luer til: Ei til ei besøkande jente og ei til lillesøstera hennar som broremann skulle på besøk til. Dei tok eg ikkje bilde av før dei forsvann ut døra men her er dei to siste eg sydde seinare på dagen. Det er nok ikkje siste lua frå denne kanten :D
Den eine lua (den minste) skal få flytte til Bergen sammen med tøflene frå sist post. Tøflene har no fått ein enkel skinnsåle under slik at dei både er sklisikre og held litt lengre.
Eg trur dette betyr at eg har kome over den tidvise vegringa mot å klippe i jerseystoffene mine! *hurra*
Om du vil ha ein kopia av mønsteret mitt på baggy huer og ei enkel forklaring på korleis eg syr dei, så kan du laste dette gratis ned i mønsterbutikken min.
Hei,
4-barns mamma, 70-modell, synes disse luene var kjempekule og vil gjerne ha oppskrift. Min miste er 7 mndr. og nr. 2 i rekken er snart 5 år. Det er disse to guttene det er mest sannsynlig at jeg kommer til å sy lue til. Kunne du ha sendt meg oppskriften?
PS! På min dialekt så ville jeg ha sagt: «Kokt i håve». Det har nok mest med betydningen at det går på høygir i toppetasjen ;-)
Hei, kunne jeg også fått luemønster? Jeg ble så glad da jeg fant denne touturialen på lue men så var det slik jeg forstår at du sender mønster,
tusen hjertelig takk på forhand <3
Mønstera mine finn du i «Mønsterbutikken» i bloggen her. :) Gratismønstera får du link til på skjermen og på mail så fort du har bestilt dei. Kos deg med saumen!