Vikinginspirert drakt til 17. mai og prosjektering av maiskjørt

«Vikingdrakta» mi er ferdig (nok) og eg skal definitivt bruke den 17. mai. Den er veldig behageleg å ha på og eg syns den vart akkurat så enkel og grei som eg ville ha den. Vurderar å skøyte på eit stykke på serken for å få den litt sidare, men veit ikkje om eg gjer det før eg har prøvd den ein omgang. Smykket verka litt kort no når eg fekk på meg stakken under så eg skal ta på nokre ekstra perler på den.

viking2

Eldstejenta hadde lyst på nytt skjørt til 17. ma og slike utfordringar kan eg ikkje motstå, sjølv med berre ei veke igjen og to dagar på reis. Har valgt modell 34 i Ottobre 1/2004. «Salsa skjørt».

maikjole1

Vi skal bruke to stoff med prikkar og to stoff med sommarfuglar. Dvs. eit stoff har både sommarfuglar og prikkar så det blir tre ulike stoffer.

maikjole2

10 thoughts on “Vikinginspirert drakt til 17. mai og prosjektering av maiskjørt”

  1. Gleder meg til actionbilder fra 17.mai! :D

    Skålene kjøpte du på Island om jeg husker rett, men er smykket selvlaget med stein fra Panduro el.l.?

    Du blir SÅÅ tøff!

    Klem fra meg :D

  2. Takk for ros alle i hop!

    Helene – Eg hadde gått barbeint hadde eg kunna. Men eg trur eg heller får skøyte på linserken under ullkjolen slik at dei brune skoa eg har berre såvidt visar.

    lise – mitt inntrykk er at du klarar nett det du vil!

    Eva Mari – Steinane er glassteinar frå det lokale museet si «vikingsuvernir-avdeling».

  3. Takk for kjapt svar, ohelene!
    Tynt med glassteiner her hvor jeg bor, men iom at jeg alvorlig vurderer en ohelene-viking-light så skal jeg sjekke på «Carolinestua» om de har noe som ligner nok…
    Klem fra meg :D

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.