Eg held fortsatt på med prosjektet med å bruke opp ein del av garnet eg har liggande. Dette garnet var kjøpt på Nille til nisselue, men viste seg å vere alt for tynnt (der har du meg og garnkunnskap). Å strikke med dobbel tråd tenkte eg ikkje på, så eg «ofra» eit anna type garn til nisselua (Abuelita tjukk merino). Varmaste og mjkuaste nisselua eg har strikka nokon gang forresten. Men tilbake til dette garnet. Eg har lenge hatt lyst til å prøve oppskrifta til rullegenser i «Strikk til Nøstebarn» og fann ut at tjukkelsen på dette garnet måtte vere sånn ca passelig og mengda omtrent nok til størrelse to år.
Undervegs i genseren vart eg dugeleg lei av runde på runde med raudt raudt og raudt så eg fann fram eit anna mønster eg har hatt liggande ei stund. Eg var nemlig å få overta nokre gamle strikkehefter når mammaen min tømte huset sitt for nokre år sidan og eit av dei var eit Sandneshefte kjøpt i 1969 for 2 kroner og 55 øre! Eit av mønstera heiter Nøtteliten og borden oppe er kjempesøt. Sidan masketalet stemde rimelig bra hoppa eg over på dette mønsteret frå eg satte alle maskene inn på samme pinne og kjøpte eit nøste med offwhite garn til dette formålet. Kanskje blir det nok igjen av både raud og kvitt til å strikke ei matchande lue?
Eg er ingen ekspert på mønsterstrikk, men det blir sånn passe javnt og fint. Gledar meg uansett til å kle jenta mi i denne til vinteren igjen.
Nøttelitenoppskriften er så fin. Jeg har også den, fikk en del gammelt fra bestemoren min for et par år siden. Din utgave i rødt og hvitt blir herlig ;)
Kjempesøtt mønster. Gamle mønster er veldig ettertraktet, ikke rart egentlig for det finnes så mange flotte, gamle design!