Eg har mange store (arbeidskrevande) planar for hagen og tomta. Berre sjå på skråninga/muren ned til naturhagen vår. I fjor fullførte eg (med litt hjelp av svigerfar) ei trapp ned på høgre sida av muren. No har eg lyst på ei trapp som skal gå ned litt til venstre for midten av terrassen (tru om det lar seg gjere?). Midt framme har eg tenkt å velte på plass stein slik at eg kan få eit stort (!) blomsterbed langs heile framkanten og til høgre nede på tomta har eg tenkt ut plass til eit drivhus. Eg treng ikkje vere uroleg for å få for mykje ledige stunder denne sommaren heller. Dersom noko av dette skulle bli fullført, eller som variasjon, har eg òg idear om eit jordbærfelt, ein enkel utepeis/-grill og så var det alle skudda av rognetre som eg skulle fått gjort noko med og… og…
Eg har mora meg med å lage ein enkel manipulering av bildet før og no. Håpa å kunne vise litt undervegsbilder i løpet av sommaren og hausten.
Eg treng forresten eit stort lass med jord for å kunne lage fleire bed – men det tar vi som ei utfordring.
Time for gardening.
I have great plans for our garden. Maybe even some unrealistic plans whom I file as dreams. I have made an photo of three major changes I hope to be able to do. I have some doubths about the stairs, but after having buildt one before I will at least give it a try. I can always make or have it made in wood if it’s impossible to build it from stone.
Spennende planer du har. Jeg har også hodet fullt av ideer om dagen og ønsker meg veldig ett program som kan brukes til hagedesign
Stilig at du kan lage slike bilder! Lykke til. ;)
Riktig god påske. :)
I’m sure you’ll find a way around the stair problem. I love the before and after photo’s .. hee hee.
I spent the afternoon planting seeds, so good to get the garden organised now spring is here.