Eit nytt blomsterbed.

Eg har lenge tenkt å gjere noko med framsida av huset. Lage nye bed og pynte på overgangen mellom singel og plen. Sidan vi har ein del anleggstrafikk forbi for tida tør eg ikkje begynne der eg helst vil – i tilknytninga til det nye vegkrysset, men har begynt på eit nytt bed nærmare huset. Her har vi eit lite svaberg opp i dagen; eit svaberg som berre voks og voks ettersom eg prøvde å grave meg rundt det.


Utgangspunktet


Planlegging og påbegynt graving.


Status ved avslutta arbeid i kveld. I morgon må eg rundt på tomta og leite etter meir stein til å ha rundt kanten. Eg lurer på å lage eit gul/raudt bed. Gullkorg, sommarblomster som ringblomst og kanskje blomkarse, kanskje litt kvitt innimellom. Trur det kan bli fint mot det gule huset vårt.

I am trying to improve the welcoming to our home. Now it’s almost only grass and stones – but soon I hope to be able to plant some flowers here too. It was hard work and I still have to search for more stones to put around the edge. I am allready planning what flowers to put there. Just now I am thinking yellow and red. I think that might look fine against our yellow house.

3 thoughts on “Eit nytt blomsterbed.”

  1. Må legge igjen en kommentar eg òg da ;-)
    Må si eg blir imponert over alle planane du har og eg reknar med at dei blir gjennomført.
    Her ligg hagen i dvale enn så lenge…..tenkjer svigermor gremmer seg,men med ein liten ein og dårleg(les:kald,sur vind) vêr har eg berre skvd det framfor meg.
    Men blir jo inspirert når eg ser og les kva du driv med.

    Forresten som du skjøna er eg rimeleg ny bloggar ;-)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.