Tar du den så tar du den.

Eit av årets store høgdepunkter! Urte- og staudedagen på museet «vårt». Hagelaget arrangerer plantebyttedag der du lever ei plante (frå hagar uten Iberia) og får velge deg ei anna plante til å ta med heim. Vi hadde veldig mange menneske innom og eg fekk tak i nokre godbitar sjølv både frå byttebordet og frå planteutsala.

Eg bytta til meg:
Smågullkorg 
2 Geum (håpar dei er raude eller orange) 
Stor Valmue
Raud stikkelsbær (gammel type)
Svarthyll
Agurkurt
Fagerfredløs
Pepperrot
Slirekne
(og kjøpte i tillegg fleire planter både frå museet, hagebruksskulen i Aurland og Plantetunet)

Heime i hagen blømer det etter kvart både her og der og eg kjenner det kriblar i kroppen i takt med den vaknande naturen.
Nye aurikler av dagen!  Rosa og struttande Geranium.

Rhododendronen er ute i full blomst og den rosa fargen er sporlaust vekke.
Mitt bidrag for denne veka i naturfotoalongen.

Fyrste blomsten er komen på den nye rosa vår  Min eigen urtekrukkesamling: Ramsløk, Pipeløk, toppløk, oregano og grasløk.

I have spent most of the day at our local museum attending the annual trading of plants by our garden society. I myself got some interesting plants and some I just got because I don’t know how to say no. There were two different producers of ecological plants there too so I even got to spend some money. A Tomato plant, two different Day lilys (old traditional plants from this area) and some other yellow and orange/red plants for my new boarder came home with me amongst many others.

5 thoughts on “Tar du den så tar du den.”

  1. Hei – så fint det tar form i hagen din! Det gule bedet du viste under her tror jeg kommer til å bli kjempefint. Heldige du som har et levende hagelag som arrangerer plantebyttedag – her i vår lille avkrok er hagelaget dødt – eller hvertfall i dvale. Kanskje jeg skal ta ansvar for å riste liv i det igjen men det blir ikke i år…

  2. Those are very nice plants. I love the red geraniums. I had those in pots on my porch last year. This year I have pansies and petunias. So pretty!

  3. ååå nydelige aurikler, de er ikke så ofte å se lenger. jeg flytta fra en hage med slike og lurer på hvorfor jeg ikke tok med ei rot.
    jeg er en lite flittig hager, men koser meg veldig hos dere hagebloggere.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.