Før helga fekk ei eg kjenner ein liten gut. Eg er (som alltid) litt redd han skal fryse på beina og fann ut eg skulle prøve å sy tøytøfler av mønsteret mitt til pels-boots. Som tenkt så gjort. Innsida er ullfilt og utsida er vanlig bomull.
Eg har brukt eit mønster i ein liten størrelse, sålen er ca 11 cm. Siste monteringa av delane valgte eg å gjere for hand.
Eg lagde begge skoa parallelt. Det vil seie at eg sydde samme søm på begge sko før eg gjekk vidare til neste steg i prosessen. På den måten hadde eg to sko ferdige på samme tid. Mykje meir motiverande måte å jobbe på og mindre risiko for å miste motet undervegs og ende opp med berre ein sko.
I have made a pair of cloth shoes for a newborn baby (from the same pattern as I use for fur booties). The inside is wool felt and the outside is cotton fabric. Hopefully warm and comfortable to wear. I did quite a bit of hand sewing on them. I don’t think I’ll share this pattern though.
Gosh – de var lekre!
Nydelig, kunne godt tenkt meg slike selv! Tenker meg at han vil være varm på beina i disse :-)
Disse så utrolig deilig ut. Jeg vil også ha sånne!!! Lages de i str. 38??? Jeg regner med at mottakeren og foreldrene blir glad for en slik fin gave.