Lag bomullssnorer ved hjelp av symaskina.

Eg treng snorer rett som det er i ulike prosjekter – og det er fristande å kjøpe det ferdige i butikken. Men i dag tenkte eg at eg skulle prøve ut eit tips eg las på Janome si prosjektside. Nemlig å lage snorer med symaskina! Eg har også sett miksar brukt til dette. Snorene er laga av bomullstråd, men både sytråd og anna kvalitet garn går an å bruke – alt etter kva snorene skal brukast til.DSC_6105Fest snora gjennom hullet i undertrådsspolen. Sett denne til spoling og hald snora stram. Er den lang er det nok å halde den delen som er nærmast spolen stram og så sleppe snurringane oppover litt etter litt. Prøv deg fram og bruk begge hender. Eg kan sette maskina i gang med spoling uten å bruke fotpedal og det er nok ein fordel her.

Når snora er stram legger du den dobbel tilbake mot spolen. Javn ut og klipp av ved spolen. Knyt enden. Ferdig!

DSC_6112

Today I made twisted cord with help of my sewingmachine. I think you can figure out how by looking at the first photo. I used cotton yarn. I found the tips on a Janome site.

(Posted earlier on 02.02.06)

5 thoughts on “Lag bomullssnorer ved hjelp av symaskina.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.