Her i huset er det pinnekjøt det går i i jula, men på hobbyfronten endar eg ofte opp med strikketøy når det er som mørkast ute. Det er då vi er samla alle inne om kveldane og å sitte med strikketøy er tross alt litt meir sosialt enn når eg set meg med symaskina.
Så i desember har eg strikka ribbestrikk. Fyrst ein genser av Pickels Pure Alpaca. Garnet skulle fyrst bli kjole, men praktiske meg endra meining etter ei stund (og så tok strikkemønsteret på stakken på kjolen veeeldig lang tid å strikke) og rekte opp. Og det vart flott som genser! Vetlesysta fekk denne i julegåve frå oss. «Har du strikka den til meeg?!» Kjekt med ungar som blir glade og overraska sjølv om dei har prøvd plagget undervegs i prosessen ;) Dette er ein veldig mjuk og veldig varm gensar.
I romjula strikka eg ein NonStopTop i Nøstebarn-garn (link til mønster i Ravelry – krev innlogging). Nøstebarngarn er ikkje mitt favorittgarn må eg innrømme, til det er det litt for stikketete og stivt (kanskje spesielt etter å ha strikka med Pickles Alpaca), men oppskrifta anbefalar eg. Men det geniale er at på denne blir det berre to trådfester – start og slutt, med mindre du strikkar med fleire fargar. Eg trur den er nokså varm, for den ryker nokså fort av igjen når ho har den på inne.
Eg valgte å strikke bakstykket litt sidare og syns det gjer toppen ekstra fin. Kunne òg tenkt å tatt av to omgangar ved knappen/splitten framme for at den ikkje skal ligge så tett på halsen, så det skal eg gjere neste gang eg brukar dette mønsteret.
Gensaren som eg strikka til jul var litt i største laget til å ta i bruk med det samme, så eg tenkte eg skulle strikke ein ribbegenser til. Denne gangen i litt tunnare garn og altså litt mindre. Denne gangen blir det Abuelita tretråds merino/merino multi. Garnet vart ikkje slik i mønsteret som eg hadde tenkt det oppstrikka, men mjukt og godt er det i alle fall. Denne strikkar eg etter oppskrifta på Ribbegenser i Nøstebarnboka, men i staden for pinne nr. 2,5 og 3 brukar eg pinne nr 3 (bård) og 3,5.
I romjula spurte dessuten eldstejenta om eg kunne strikke henne ein Mariusgenser. Og sidan det er svært sjeldan den jenta spør meg om å lage noko til henne kunne eg ikkje seie nei. Så no vekslar eg mellom ribbegensaren og Marius. Den siste blir i orginalgarnet Sandnes Alpakka.
Men to ulike prosjekt – begge med pinne nr 3,5 – gjer vel at eg får nok av strikking for ei stund. Så då får eg tørke litt støv av symaskina igjen. I det siste har den visst kun fått lov til å bidra med reparasjonar av tøy.
Beundrer tålmodigheten din med disse flotte plaggene i ribbe-strikk :) Det blir så god pass-form når de strikkes slik :D