Hekta på klessøm.

Eg har kost meg med å sy klær i det siste. Eg har laga to lange gensarar (tunikaer?) til meg sjølv og så har ungane (les: jentene) fått litt tøy. Kjolen som mellomstejenta har på på bildet er min. Ho har enno ein genser i vente som er ferdig klipt og berre gjenstår å montere.

Eg er usikker på om eg tør å gå utendørs med eigne kreasjonar, men ein må jo ha litt behagelige klær heime òg.

klescollage

Det som er sikkert er at eg lærer mykje av å sitte slik og sy. Kan ikkje heilt forstå kvifor eg har vegra meg for å sy klær tidlegare. Litt ironisk kanskje at eg syr klær for fullt no nett etter at eg har bytta bort overlockmaskina, men eg saknar den altså fortsatt ikkje.

1 thought on “Hekta på klessøm.”

  1. Så mye fint du lager !! Den sjokoladeveska var jo knallmorsom ! Fint å se at noen syr klær til seg selv og ungene ! Tenk så mye mer personlig det er enn en masseprodusert genser fra HM. Stå på ! Og klart du kan gå ut med klær du har sydd selv !!!!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.