Å sminke bilder i PSP (Paint Shop Pro)

Bildet i forrige post er ikkje tatt mot kvit bakgrunn – eg har ingen plassar i huset der eg har stor kvit bakgrunn så når det kjem til fotografering av klesplagg må eg jukse litt. Bildet var i grunn ikkje skarpt ein gang, men å sminke eit bilde går rimelig kjapt og greitt når ein har gjort det eit par ganger.

Image

Eg hengde opp kjolen på ein gulstripete vegg. Einsfarga er meir ideelt, eller iallefall andre fargar enn på det ein skal ta bilde av. Eg brukar blits på alle bilder innendørs om eg ikkje klarar å rigge til med lamper som gir godt lys.

Det fyrste eg gjer er å endre størrelsen på bildet til den størrelsen eg vil ha det til slutt. I bloggen her brukar eg ei vidde på 500 eller 600 pixlar.

Image1

Bruk så «Background Eraser Tool» for å få kjolen til å stå igjen uten bakgrunn. Eg hugsar ikkje om t.d. PS har ein lignande funksjon.

Image2

 

Image3

Så lenge det er bra kontrastar på bildet er det plankekøyring å fjerne bakgrunnen.

Image4

Når eg har fjerna ei stripe heile vegen rundt brukar eg Freehand Selection – Point To Point Mode til å markere rundt objektet. Dobbelklikk på slutten for å feste start og slutt av markeringa. Inverter merkinga…

 

Image5

Image6

…og klipp bort resten av bakgrunnen på bildet. Bruk funksjonen Merge for å smelte sammen alle laga av bildet til eitt.

 

Image7

Bruk evt. magic tool (merkeverktøy) for å merke skuggar rundt objektet og klipp desse bort før du går vidare. Merk til slutt alt det kvite med Magic Tool og inverter merkinga slik at det berre er kjolen/objektet som er merkt.Image9

 

 

Velg Effects + 3D effects og Drop Shadow.

Image10

Velg kor djup skugge du vil ha og kva veg du vil at den skal falle og trykk ok. Eg justerar ofte bildet litt skarpare for skjermvisning.

Image11

 

Til denne redigeringa er det Paint Shop Pro X som er brukt.

11 thoughts on “Å sminke bilder i PSP (Paint Shop Pro)”

  1. Takk for tipset! Jeg har alltid likt å gå inn på siden din, for det er så behagelig for øyet å se på bloggen din. Mye av det skyldes nok måten du behandler bildene på.

    ….. og så lager du så mye fint og spennende da!!!
    Jeg får si som en ikke ukjent karakter sa i sin tid: «I`ll be back»

  2. Takk for god fremlegging! Synes absolutt det er viktig å få frem det man skal vise, det er mange blogger der ute der det vakre plagget forsvinner på stuebordet blant alt rotet. jepp, vi har det rotete her også, men det trenger ikke bloggen min vise?

  3. Kjempenyttig visning!

    Første gang jeg er her inne hos deg, helt sikkert ikke den siste for her var det mange vakre vakre ting!!

    Gi meg et pip hvis du vil vise frem noen av tingene på siden vår, du har jo så mye vakkert!

  4. Dette var lærerikt! Jeg har bare picasas redigeringsprogram pr i dag, og bruker det bare til røde øyne. Mulighetene er uante for lek med bilder, dette programmet må jeg prøve å huke tak i når jeg kommer hjem.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.