Klare til 17. mai!

Skjørtet som eldsta bestilte er ferdig. Utgangspunktet er som nevnt «Salsa dress» frå Ottobre nr. 1/2004. Eg valgte å plassere glidelåsen i sida i stadenfor midt framme sidan eg hadde stormønstra stoff. I tillegg la eg eit legg midt framme og har satt i strikk  både framme og bak i linninga (mot berre bak på mønsteret). Eg klipte av kanten nede litt slik at volangen visar og syns det vart eit søtt skjørt. Eldsta har sjølv valgt kva stoff som skulle brukast.

maiskjoert

Og med fullføring av skjørtet er alt av klær og utstyr klart til nasjonaldagsfeiring. I følge yr.no blir det opphaldsver, men ikkje så mykje meir enn det. Håpar at det blir varmt nok til at jakkene kan ligge heime. I år skal vi delta både i barne- og folketog. Eller korpsmusikanten vår skal delta i folketoget og alle sammen i barnetoget. Fløyta er på reperasjon så det er ikkje sikkert ho får blitt med å opptre i morgon, men aspirantane marsjerer uansett utan å spele så det spelar (!) ikkje så stor rolle for henne.

I morgon er det berre å hoppe i kleda etter ein roleg frukost. Alt skal iallefall vere klart no. Fløytene og flagga tar eg ikkje fram før i kveld slik at vi har ein viss sjans for å faktisk få dei med oss ut av huset.

maiklede

5 thoughts on “Klare til 17. mai!”

  1. nydelig at alt henger klart på plass, – til og med skoene står klare :-)
    Her blir det lite pynt og stas, – barna er bortreist alle mann for første gangen på 5 år. Men jeg vet hvor godt det er å ha alt klart da det har sett sånn ut hos oss for tildigere 17.maier og konfirmasjoner. Nå blir det bare herren og fruen som leter opp litt pynt for dagen før barnetoget inspiseres.
    Ha en knalldag!

  2. Pingback: Den store fiksedagen | Magfly

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.