Kontrastfelt ved hjelp av Offset

Offset er ein metode som man kan bruke om man til dømes ynskjer å bryte opp mot ein mønstra bakgrunn eller ynskjer ein annan farge rundt motivet for å framheve dette på annan måte. Det kan òg gi ein skuggeeffekt på design, eller brukast berre fordi du har funne to fargar som utfyller kvarandre fullt ut

Framgangsmåten for å lage kontrstfelt ved hjelp av offset er heilt lik på tekst og andre motiv. Eksempelet tek føre seg dekor til ei drikkeflaske med ein kontrastfarge heildekkande bak og ein annan farge på sjølve motivet.

Eg har fyrst laga hovudmotivet mitt ved å skrive teksten Vatn og H O der eg skal ha eit 2-tal i mellom H og O. 2-talet skriver eg for seg sjølv.


2-talet vil eg ha litt mindre enn bokstavane og skråstille mellom H og O.  Ved å trykke på talet blir det merkt og eg kan skubbe i eine hjørneklossen for å endre størrelse. Å bruke hjørneklossane til skalering gjer at motivet/talet held på proporsjonane. Så snur eg det litt ved å ta tak i den grøne kula og vri. Eg drar det så bort der eg vil ha det saman med resten av teksten før eg merker begge element og grupperer.

For å lage kontrastfeltet som ei «boble» rundt motivet brukar eg funksjonen Offset. Høgreklikk på motivet og vel offset i menyen som kjem fram. Du kan òg finne knappen for Offset på høgre meny oppe eller via tekstmenyen. 

Me skal ha ein ytre offset – ikkje ein internal offset her. Internal offset legg streken på innsida og Offset på utsida av den opprinnelige streken. Juster talet enten på skalaen, med piltastene eller ved å skrive inn ønska tal og trykk på Apply i menyen eller Enter på tastaturet.

Eg vel ein relativt stor offset på mitt motiv på 0,48 før eg trykker apply.  Eg sjekkar raskt om offset-linja er fleire deler (=fleire merkeboksar). I så tilfelle brukar eg Group (Ctrl + G, hurtigtast nede i venstre hjørne eller via tekstmenyen Object + Group) medan offset-linja fortsatt er merkt.

Eg har lyst til å ha ein vassdråpe som pynt mellom orda. Eg har ein som er ferdig vektorisert, og hentar denne inn i programmet mitt med File + Merge. Den passar fint mellom dei to orda. Eg merker orda og dråpen og gir desse blå linjefarge for å markere at desse skal kuttast samtidig


Eg vil òg ha ein offset rundt dråpen. Hadde eg lagt denne inn i starten saman med teksten kunne eg gjort dette samtidig med orda, men no må eg ha ein ny runde berre med dråpen. Legg merke til at du kan velge å ha både runde og kantente hjørner på offseten. Klikk deg gjerne inn på dei ulike for å sjå kva det har å seie for ditt motiv.

Når eg skal kutte motivet vil eg kutte orda og dråpen etter linjene rundt det blå motivet. Omrisset kan eg enten berre kutte etter den ytterste linja og legge under det andre som lag på lag. Eller eg kan kutte med begge linjene og få eit puslespel av omriss og motiv som eg må «pusle» i kvarandre. Eg vel det første med eit heildekkande område bak og sjølve motivet klistra oppå, lag på lag.

Når eg er klar til å kutte lastar eg materiale inn i maskina etter farge, eitt om gangen. Eg tek først materialet til orda og dråpen inn i kuttemaskina. Under Advanced vel eg å kutte etter linjefarge og hakar av berre den blå.

Når eg etterpå lastar inn materialet eg skal ha bak, hakar eg av på raud og fjernar haka på blå.

Dersom eg vil ha omrisset bak slik at det berre er på utsida og ikkje under heile motivet må eg hake av for begge fargane i denne omgangen.

Så er det berre å renske motiva og overføre dei til vassflaska mi eitt etter eitt.

Litt meir om offset pluss veldig mykje anna kan du lese om i e-boka mi som du kan kjøpe her.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.