Slik monterer eg ein Mei-Tai. Nåler fyrst stroppene fast rette mot rette mot framstykket. Bruk nok nåler tilat det ikkje glir når du skal sy. Pass på at midjestroppene ikkje ligg slik at du syr i dei når du skal sy rundt nede. Eg likar å dandere alle stroppene i midten slik at det blir nokså jamnt fordelt.
Legg så på bakstykket og nål dette fast i framstykket. Når bak- og framstykke er klipt identiske i utgangspunktet er dette greitt å få til javnt til tross for bunten med stropper som ligg inni. Sy så rundt, men hugs å la det stå att ein åpning til å vende gjennom. Kor denne er blir ein smakssak. Du syr uansett vendeåpningen igjen når du syr stikning rundt kroppen på Mei-Taien. Eg brukar å ha vendeåpning oppe og set fast sove-/solhetta når eg syr rundt siste gang. Eg kunne også sydd fast sove-/solhetta på samme tid som stroppene, men eg likar å gjere dette etterpå.
Sy over stroppene med ekstra sømmar der dei ligg inni kroppen; som ekstra sikring.
This is how I mount my Mei-Tais. I usually pin the straps on the front piece (make sure the front and the back is allready cut exact the same size). I use several pins for this; making sure it doesn’t slide during the sewing. Second pin on the back piece adjusting it to fit the front piece. Leave an opening to turn through. I usually leave the top open as I like to fasten the sleepinghood/sunprotector in the final operation seving around the body. At last I sew extra stitches on the straps inside the body of the MT just for security reasons.