Først ut i dagens skryt er ei bleiebukse, som dessverre vart i minste laget. Mjuk og god i dobbel (trippel i skrittet) merino ulljersey. Eg kjem nok til å sy fleire slike, men i litt større størrelse. Denne er det kanskje nokon andre som vil overta? Det er fullt mogeleg å farge denne typen ulltøy.
Eg har òg sydd ein ullpysj, i tunn blå ulljesery og ei bukse (under) i offwhite ullinterlock. Eg har tenkt å farge denne buksa når eg får tak i kool-aid eller noko anna eg kan bruke.
Det siste eg har gjort ferdig til snuppa er ei kvit ullbukse i Bjørnegarn frå Tre Bjørner. Starten (ned til kilen begynnar) er etter Curly Purly-oppskrifta mens eg vidare strikka kile, maska sammen i skrittet og strikka beina berre på innfallsmetoden. Eg valgte å strikke vrangbord på heile beinlengden. Nederst strikka eg ei hullrad til pynt. Buksa er stor og god enno.
Det ble mange flotte plagg! Ullbuksen nederst var helt herlig, og det gjorde seg sågodt med den hullborden til pynt ;) Ha en fin helg!
Så flotte plagg du har laget! Ull er jo bare helt hærlig til småtasser!
Så mange fine bukser både strikka og sydd :) Hvilken oppskrift brukte du til den lange buksa du har sydd? jeg har en del stoff liggens og vente på å bli sydd i slike bukser.