Lua er ferdig, men modellen var ikkje spesielt imponert. Var berre såvidt eg klarde å få fanga den med kameraet før ho klarde å rive den av seg. Mulig eg strikkar på snorer og øyreklaffar eller berre snorer.
Men kva skal eg gjere no? I dag var vi og kjøpte garn til lue til eldstejenta i huset og jammen kom posten med garn til tuniken. Hm – det bør vel bli ei lue først. Ikkje lyseblå rett nok. Når vi stod der med garnhyllene var det eit lilla garn ho likte best. Så må vi berre bli einige om eit mønster. Baggy lue etter dette mønsteret går nok fint, men eg hadde lyst til å finne noko som er litt raskare å strikke enn kablar/fletter – spesielt sidan eg skal strikke ei til av samme sorten som denne rosa etterpå. Jentungen falt for Teshas baggy lue så vi prøver på den. Litt tynnare garn enn i oppskrifta, men det finner vi ut av.
Men søt var den, lell! Takk for hyggelig besøk i bloggen min, og så supert at du linker tilbake til meg, da! God helg!!!
Den var jo kjempefin, kanskje den blir brukt etterhvert. Teshas baggy lue er veldig grei å strikke, og blir veldig fin, jenta har hatt på seg den jeg har strikka i dag.