Mens eg tenkte på kva eg skulle strikke for noko fint (ref. forrige post) vart eg inspirert av nabojenta på 8 til å strikke ribbestrikka nøstebarnvottar. Ja, mora hennar har òg strikka nokre par og eg kunne ikkje vere dårligare. Sant å seie er vottar noko eg aldri har fått til, men desse var enkle og greie og vart gode på. Eg har strikka tre i størrelsane 1-2, 3-5 og 6-8 år. Eg syns dei vart rikelige i størrelsen i det garnet og pinnane som eg brukte – eit ullgarn på spole kjøpt på eit lagerutsalg ein gang. Vottane strikka eg på pinne 3,5/4 og med dobbel tråd. Dei største kunne nesten passe til mi mellomstore damehand. Håpet er at vottane tovar seg litt under bruk og formar seg etter handa som skal ha dei på. Kanskje det blir julegaver? ;)
Når eg så hadde bestemt meg for kva eg skal strikke av store prosjekt neste gang var det brått ikkje så moro å strikke fleire vottepar. Eg dukka ned i flyttekassa (garnlageret mitt) og fann fram to nøster med lyserosa babyull + rundpinne nummer 3,5 og 4,0 og begynte på eit prøveeksemplar av lue etter mønsteret i forrige post. Dobbel tråd. Lua ser ut til å passe til ein eittåring omtrent (som er det størrelsen seier) men eg velger å strikke den litt lavare enn mønsteret. Fem rundingar blir det til slutt. Eg er komen litt lengre enn når eg tok bildet her tidlegare i dag. Eldstejenta mi lurte forresten forsiktig på om eg kunne strikke ei lue til henne i samme mønster, men i lys blå. Vi får sjå kor fort garnet til gensaren kjem i hus – lyseblått garn har eg visst ikkje heller.
Så morsomt at du har blitt strikkedame! Og veldig inspirerende med den vottestrikken… Hmm… God ide!
Lua blir jo supersøt, og flettinen fikser du veldig bra. Skjønner godt at det er bestilt ei i lyseblått jeg!
Ei riktig god helg til deg og dine!
Du fikk jo til fletter du, den ser fin ut
Den lua var nydelig….Du strikker jo flette som bare det! Kjempeflink er du!!
klem fra odin!
Flettene på lua blir kjempefine! Skjønner godt at vottestrikking blekner litt sammenlignet med den:) Blir spennende å se resultatet.