Panneband/pannebånd i ein fei.

haarband

Pannebandet på bildet er laga av 51×23 cm jerseystoff og modellen er åtte år. Lengda varierer etter hovudet som skal ha pannebandet og etter strekken i stoffet.

Sy sammen to like sider rett mot rett til ein sylinder – framgangsmåten blir den same enten du startar med kort- eller langsidene, men det er enklast å sy langsida først. I bildeserien er det vist med saum av kortsida først då eg tykkjer dette gjer at framgangsmåten går tydlegare fram. Eg har brukt ein overlocklignande saum på symaskina.

haarband2

Brett sylinderen dobbelt slik at dei to sidene med saumar møtes rett mot rett.

haarband3

 

Pass på å brette unna dei to laga med stoff som blir inni.

haarband4

 

Start å sy saman ved den fyrste saumen. Eg pla starte ca 1-2 cm før denne. Pass på at tøylaga inni ikkje blir med i saumen. Dra fram den innerste delen av pannebandet del for del etter kvart som du syr framover.

haarband5

Sy til ca 2-3 cm før du møter starten på saumen (du vil sjå at eg har større opning på dette pannebandet, men det er unødvendig). Opninga her er den du skal vrenge pannebandet gjennom.

haarband6

Vreng.

haarband7

 

haarband8

Sy saman opninga for hand eller for maskin. Eg syns det blir finast for hand (og ungar er ikkje så nøye med kva side som blir ut når dei tar på seg pannebanda, så difor er utsjånaden litt viktig).

haarband9

Press lett med styrkejarn slik at pannebandet held forma.

Igjen: Framgangsmåten blir den same enten du syr saman kortsidene eller langsidene først, men sjølv føretrekk eg no å sy langsidene først.

11 thoughts on “Panneband/pannebånd i ein fei.”

  1. Heia ! Fin beskrivelse du har laget, men jeg sliter litt, jeg…bare jeg som er treg, altså.
    Jeg har sydd sammen kortendene, og brettet slik du viser. Har også lagt til langendene med halve pannebåndet «inni». Men forstår ikke helt hvordan jeg skal gjøre det når jeg begynner å sy. Fra hvor skal jeg dra ut det som er inni, bak sømmen eller foran og hvordan skal jeg få til å sy sømmen på det som er «inni». Du må tilgi ei som er helt ny i faget, vil så gjerne prøve :)

  2. Du er et pedagogisk talent. Skjønte ingenting av denne forklaringa på ei anna side, men dine ord og bilder er selvforklarende. Tusen takk, du inspirerer meg!

  3. Hei!

    Takk for god forklaring. Skal innrømme at jeg ikke er verdensmester bak symaskinen, så jeg knotet litt, men det ble bra til slutt :o)

    La forresten link til forklaringen din fra min side, håpe det er i orden?

    Sida

  4. Hei må bare spørre deg jeg driver å prøver meg på pannebånd nå men blir bare feil for meg;( jeg klipper i str 50cm langt og 20cm høyt gjør jeg feil?og sydde kort siden på 20 cm først og så brette jeg langsidene og begynte å sy tarmen men det blir jo så langt rundt?hva gjør jeg feil?på forhånd takk for svar;))

    1. 50×20 er eit greitt mål. Eg syr no alltid langsidene først. Vrenger så pannebandet inni seg sjølv rett mot rett til ein lang sylinder. Sy rundt kortsidene. Start rett før der saumane møtes og sy til det står att 1,5 cm. Vreng ut opninga og sy den igjen for hand. Lukke til!

  5. Heisann. Takk for denne fine forklaringa. Men jeg har et lite problem, da jeg bruker vanlig symaskin. Etter jeg er ferdig med å sy og vrengt pannebånde tilbake, så ryker sømmene da disse ikke er elastiske. Og dermed blir det hull. Hvordan unngår jeg dette?

    1. Så kjekt at du syns forklaringa er nyttig! Dei aller fleste symaskiner har ein eller fleire elastiske saumar. Sikksakk t.d. er elastisk. Eg ville prøvd litt ulike saumar på ein elastisk prøvelapp og testa ut kva saum som er best på di maskin. :)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.