Lag dine eigne ohelene-tøfler! Skinnsko til alle fotstørrelsar.

DSC_4633

Tøffelmønsteret mitt inneheld mønster til tøfler med innermål frå 11,5 til 30,5 cm (mønster frå 12,5 til 31,5 med 0,5 cm saumrom). Mønsteret kan du kjøpe her.

Til tøflene treng du litt skinnrestar av møbelhud el.l. Dette kan du kjøpe frå ulike hobbybutikkar/-kjeder (t.d. Panduro eller Sløyd Detaljer) eller hos Skinnlåven. Skinn frå plagg eller vesker frå t.d. bruktbutikkar kan også vere brukbart. Eg syr òg ein heil del tøfler av pelsskinn. Tunnt er mjukt, men tunnt vil òg lettare bli slite ut medan tjukt skinn kan vere ein prøvelse for symaskina. Du må sjølv finne ut kva di symaskin taklar av tjukkelse på det du skal sy gjennom. Eg anbefaler elles at du brukar ein glidefot (teflon) til symaskina og spesielle skinnåler. Eg brukar både polyester og bomullstråd. Du kan også bruke ein vanlig pressarfot og legge rivevlies el.l. imellom. Eg brukar rettsaum og stinglengde minimum 3,2mm.

Eg brukar 1 cm breid strikk rundt tøflene fordi eg ser at det ikkje lagar skrukker rundt ankelen og gjer den god å ha på. Du trenger ca. 40 cm strikk til ein barnetøffel, dvs. du treng litt mindre men å ha litt ekstra gjer det litt lettare å jobbe med.

Tøflene kan også lagast i andre materialer. Du er velkommen til å endre og trikse med både materialer og mønster så mykje du vil og lage tøfler til heile familien din og alle dine venner, men ikkje bruk min framgangsmåte som grunnlag for salg av tøfler og selg heller ikkje framgangsmåten/mønsteret. Du kan kjøpe mønsteret her. Vennlegst ikkje kopier mønsteret for deling med andre.

Så set vi i gang! Klipp ut to solar, to overdeler og to hælkapper. Mine tøfler har lik høgre- og venstresko, noko som er ein fordel for ungane som alltid ser ut til å klare å bytte om høgre og venstre sko. Det er også lettare å lage to like sko enn to ulike.

I tillegg til dei tre delene nevnt treng du ei list som skal skjule strikken rundt hælen: Du treng òg ei list eller anna pynt som skal skjule strikken som går gjennom overdelen. Pynten på overdelen er der du verkeleg kan boltre deg kunstnerisk. Her har eg valgt ein enkel blomst.

Klipp eller trykk hol i overdelen der strikken skal gå gjennom. Eg brukar tang til dette men det går òg fint an å klippe to hakk der strikken skal gå gjennom.

Sy fast hællista på hælkappa. Eg brukar ei list som er 1 cm breidare enn strikken, i dette tilfellet 2 cm. OBS berre ein kant først. Klipp lista til i samme lengde som hælkappa. Eg brukar å ha denne ca. 0.75-1cm nede på hælkappa fordi det igjen hindrar hælkappa i å snurpe seg sammen. Om du legger denne kant i kant er det kanskje lettare å få fint, men tenk då på om du må ta av litt av høgda på hælkappa. Legg inn strikken under hællista. Sy fast andre kanten mens du passar på med fingrane at du ikkje syr i strikken.

Så er det overdelen sin tur. Dekorer som du ynskjer men pass på å ikkje sy i kanalen som skal vere mellom dei to hola. Der skal du kunne dra gjennom strikk om litt.

Montering.
Overdelen og sålen blir sydd saman rett mot rett fyrst. Pass den til slik at den går like langt fram på begge sider. Finn midten på sålen framme og midten på overdelen og gå ut frå desse. Bruk gjerne binders, klyper eller teip for å halde på plass dersom du syns dette er vanskelig å gjere berre med hendene. Skinn er ikkje så takknemlig når det gjeld å sprette opp så du må få det til første gangen (eller til naud andre gangen).

Hælkappa skal syast på med litt overlapping over overdelen. Det er her det kan bli hardt for symaskina. Sveiv om nødvendig fram sting for sting og ta det med ro. Ikkje dra i skinnet, spesielt ikkje viss du brukar mjukt skinn eller pels. Pass på at du ikkje syr fast enden på strikken når du gjer denne siste operasjonen.

Tøffelen er ferdig sydd på maskin; no gjenstår berre å feste strikken og det må gjerast før vrenging. Dra den eine enden av strikken gjennom dei to hola på overdelen. Eg likar å gjere dette med sikkerhetsnåler festa på begge endar fordi det då er lettare å hindre at strikken blir dratt inn i hællista. Du kan også bruke eit pinsett el.l. Pass til omkretsen rundt ankelen i forhold til barnet som skal ha tøffelen på. Har barnet høg vrist eller er god og lubben strammar du mindre enn om det er ein slank fot som skal nedi. Sy saman med nokre sting for hand og klipp av overflødige strikk. Roter strikken slik at skøyten vert skjult inne mellom hola i overdelen.

Vreng skoen og gjenta prosessen for sko nummer to. Studer stolt det ferdige tøffelparet og prøv å ikkje vekke barnet ditt sjølv om du har lyst til å prøve skoen på med ein einaste gang.

Mønsteret går frå ca str. 18 til 46 og inneheld mønster til å tegne av/printe ut til annakvar størrelse. Nokre av mønsterdelene er mot brett. Dersom du ikkje får til å printe ut riktig størrelse kan du enten endre størrelse i kopimaskin eller bruke den størrelsen som passar etter mål uavhengig av kva som står på den i utgangspunktet. Eg brukar ca 5mm saumrom.

Eg har dessverre ikkje lengre kapasitet til å sende ut mønster på mail til alle som ynskte dette. For at det skal vere mogeleg å få tak i det likevel tilbyr eg dykk som leser her å kjøpe det her. Prisen inkluderer prisen ein lisens for ein person til å lage produkt for sal av mønsteret (ikkje inkludert fabrikkproduksjon), men du kan ikkje dele eller selge mønsteret i seg sjølv. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller kommentarar. Mønsteret i seg sjølv kan  ikkje kopierast eller selgast. 

Kos deg med saumen!

34 thoughts on “Lag dine eigne ohelene-tøfler! Skinnsko til alle fotstørrelsar.”

  1. Tusen røde roser til deg! Utrolig generøst av deg å dele mønsteret med oss. Jeg blir nesten litt rørt også!! Jeg vet hvor arbeidssomt det er å pirke til mønstre, så dette setter jeg veldig stor pris på. Så får vi se om jeg klarer å få ut fingern såpass at jeg får brukt mønsteret…. :) Uansett er det godt at jeg har deg i «kidden», slik at jeg kan bestille tøfler fra deg hvis jeg aldri kommer så langt! ;) Riktig god helg til deg,Ohelene!!!

  2. Kerstin från Hobbyboden

    O Helene!!
    Så jääääättesnällt att lägga ut mænstret och gæra dig besväret med så tydliga instruktioner!!

    Tack så väldigt mycket!

    God fortsättning på julen!!
    Kram/klem
    Kerstin

  3. Hello Helene, I am very sadly, because I do not know your shoes expressions, the control small box am ever smaller with me than 2 cm. what can lie? I have page layout 210×297 cm as standard. Thanks, Su

  4. Tusen takk for at du vil dele mønsteret,Helene. Har sett på de søte tøflene dine lenge.Nå har vi ei småpie i familien og med så gode forklaringer så blir det nok skinntøfler til jul.

  5. Helt genialt!
    Tusen takk for at du deler oppskriften med oss :)
    Har allerede fått laget fire par, og jeg startet i går!
    Så enkelt hadde jeg aldri trodd at det skulle være!
    Litt utfordernde å få symaskinen til å samarbeide med de tykkeste skinnene, men..
    Så gøy :)

    Deilig å ha julegavene klare til alle barna nå allerede!

  6. So easy but amazing! I´m already making my expected niece/nephews first pair of shoes in orange and brown soft leather! And I think there will follow a whole collection! Thanks a lot again..!!

  7. Pingback: Schuhe - Linkliste (shoes, grolles) | Kostenlose Schnittmuster

  8. Monika Iren Skogsrud

    eg har kjempe lyst på mønsteret på skinntøflene, dei er nydlige og sikkert kjempe greie å ha i barnehagen. kunne du ha sendt den til meg?

  9. Hei!

    Jeg har veldig lyst til å prøve meg på disse vakre tøflene, og lurer på om du kunne sendt meg mønsteret.

    Tusen takk for at du deler mønsteret! :)

    Hilsen Siri Sandanger

  10. Disse er jo geniale! Min sønn har hatt flere av kjøpsvarianten, og det er virkelig de beste tøflene. Kunne du sendt meg mønsteret også? :)
    Har sett på galleriet ditt, og det er virkelig imponerende!
    Hilsen Ewa :D

  11. Thank you so much for taking the time to create this tutorial and pattern. I’d like very much to have the pattern (the English one), in order to make a pair of shoes for my 10-month-old daughter. Could you send the pattern my way? I’d be forever thankful!

  12. Hvor er de skønne – jeg vil gerne lave dem til min søn, så hvis du vil sende mønstret til mig vil jeg blive rigtig glad – på forhånd mange tak:0)

  13. Katrine Tingstad

    Hei, hei! Utrolig fint tøfler du har laget!! :D
    Har sååå lyst til å prøve å lage slike til min lille jente. Setter stor pris på om jeg kan få mønster av deg?
    Har arvet en symaskin av mamma, som skal sy det meste, alt fra vanlig stoff til skinn osv, men har alt for lite peiling selv enda. Trenger jeg en spesiell nål, fot og trå for å sy slike tøfler i skinn?
    Men det er kjempe artig å sy litt. Har sydd gardiner til kjøkkenet, -skulle blii lift-gardiner, men ble en enklere versjon som knytes opp :) 2stk mei tai, diverse smekker til baby-jenta mi, smokke/leke snorer, uro, leker med bjeller inni. Må være noe med «gjør-det-selv» hormoner i og etter svangerskapet ;)
    Håper å høre fra deg! :)

  14. Har nå laget mitt første tøffelpar, det gikk jo kjempegreit! Får se i morgen hvordan de passer på eieren:) Takk igjen for mønster.

  15. Så utrolig fine tøfler! Slike har jeg virkelig lyst til å prøve å sy! Men først må jeg vel skaffe meg en fot til å sy skinn med. Kanskje jeg skal prøve meg på noen i vanlig stoff først?

  16. Hei Helene! Jeg skulle gjerne ha kjøpt tøffelmønsteret av deg, men linken du har lagt ut fungerer ikke lenger! Er det noe annet sted det går ann å få kjøpt mønsteret??

  17. Hi,

    i love your shoes but i cannot find the pattern.
    Please, could you email me the pattern or link where i can find it.
    I need the size 25-27
    best wishes from Munich
    Gosia

  18. Hei! Ser at det er lenge siden noen har kommentert her, men selger du fortsatt mønsteret til disse? Og hvilket skinn kjøper du? Prøver å bestille skinn på nett, men er usikker på hvilken tykkelse jeg skal gå for :) Blir kjempeglad for svar!

  19. Pingback: Schuhe – applik.de

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.